Meny Lukk

Nye Ullensvang Høgre på startstreken

5.mars er det stiftingsmøte for nye Ullensvang Høgre. Då skal det velgjast nytt styre og nominasjonskomite for kommunevalslista for 2019, og mannen som er oppført som styreleiar, er spent

erlend-bolstad
Erlend Nævdal Bolstad, bilete: Hardanger Folkeblad

Erlend Nævdal Bolstad i Odda Høgre står øverst på lista og seier i samtale med programsekretær JK Flattun at han synes det er spanande tider no.

– Det er ei stor ære for meg at valkomiteen plasserte meg øverst på lista, men det er klart at det er eit krevjande verv å påta seg – samtidig og  ikkje minst, så er det gjevande å få lov til å arbeida for  Høgre sine medlemer og for innbyggarane i den nye kommunen.

Bolstad legg til at han er audmjuk ovafor oppgåva, men at han er klar til å ta den på seg dersom han vert vald.

Per dags dato har han ikkje oversikt over kor mange medlemer nye Ullensvang Høgre vil bestå av.

Når det gjeld kommune – og fylkestingsvalet i 2019, ser Bolstad fram til det. – Val er alltid spanande, og for Høgre sin del har me absolutt forventningar om å gjera eit godt val og få innflytelse slnok til å vera med på å styra den nye kommunen.

Når det gjeld nye Ullensvang Høgre si sitt framlegg til styre, står altså Bolstad oppført som leiar. Første nestleiar er Geir Midtun frå Ullensvang Høgre, andre nestleiar er Elin Eide frå Jondal.

– Og så har me Jon Opdal,  Lars Inge Torset, Tørres Mæland og Anna Maria Kråkevik, så dersom me vert valde, får eg med meg eit godt styre, seier han. – Politikk dreier seg om lagspel, det dreier seg ikkje om dei få, men om dei mange, derfor er eg glad for at dette framlegget til nytt styre i Ullensvang Høgre også inneber samling av mykje kompetanse.

Når det gjeld utfordringar i den nye storkommunmen Ullensvang, meiner Bolstad at dei vil verra dei samme som ein har kvar for seg i dag. – Me vert fleire sjølvsagt, men det me må sørga for, er få til vekst i den nye kommunen, ein vekst som hovudsakleg ifylgje ekspertar på området, vil koma i privat regi, og då må me politikarar legga godt til rette for nye arbeidsplassar, samt sikra dei arbeidsplassane me har allereie innafor reiseliv, industri  med meir.

Bolstad meiner at det særleg må arbeidast for å gjera regionen meir attraktiv for unge menneske. – Dét er ikkje til å stikka under ein stol, og ikkje minst attraktive bustadtomter er essensielt for at me skal lukkast med det målet.

I tillegg til god tilrettelegging for næringsutvikling og attraktive bustadområde, er godt desentraliserte,  offentlege tilbod naudsynt for å gjera den nye kommunen god å bu i, slik Bolstad ser det. – Då tenker er på barnehagar, skular og sjukeheimar.

Han seier at dette siste ligg inne i intensjonsavtalen og at Høgre aktar å fylgja det opp.

– Det skal vera liv og lys i alle deler av den nye kommunen, seier Erlend Nævdal Bolstad som etter alt å døma er leiar i nye Ullensvang Høgre frå 5.mars  2018.

Legg inn en kommentar

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.

%d bloggere liker dette: