Meny Lukk

Norske tiltak mot skrantesjuke får internasjonal merksemd

Miljødirektoratet melder at den siste kjente flokken med villrein er felt i Nordfjella sone 1. No skal området gjennomsøkast for å sikra at det er tomt for dyr. Det er påvist 17 tilfelle av skrantesjuke (CWD) på reinsdyr frå Nordfjella

rein

– Eg vil gje uttrykk for ein stor takk til Statens naturoppsyn og innleigd mannskap for den krevjande jobben dei har gjort under til dels vanskelege tilhøve i fjellet, seier landbruks- og matminister Jon Georg Dale. – Det arbeidet som no er gjort, er avgjerande for at vi skal lukkast med å verta kvitt den alvorlege dyresjukdommen som skrantesjuke er, seier Dale på Landbruks – og matdepartementet sine nettsider.

– Det er svært positivt at arbeidet med å ta ut villreinflokken i Nordfjella sone 1 har gått så bra, og at uttaket er gjennomført i god tid før kalvingstida, seier Dale.

– Det er ei trist sak at vi har fått utbrot av denne sjukdomen, og ei særs krevjande avgjerd å ta ut heile flokken. No kan vi etter kvart retta merksemda mot å reetablera ei frisk og stadeigen villreinstamme i Nordfjella, seier landbruks- og matminister Jon Georg Dale.

Totalt er 1407 villrein tatt ut i Nordfjella sone 1 sidan oppdraget med å sanera området starta 7. november i fjor. Den 25. februar skaut Miljødirektoratet sitt feltpersonell i Statens naturoppsyn (SNO) den siste kjente flokken på 23 dyr. Målet var å ta ut all villrein i Nordfjella sone 1 innan 1. mai.

SNO har allereie organisert eit systematisk søk etter eventuelle villrein som framleis er i fjellområdet. Det vert tatt prøver av samtlege dyr som er tekne ut i Nordfjella, og desse blir sendt til Veterinærinstituttet for analyse. Per dags dato er det stadfesta 17 tilfelle av skrantesjuke på reinsdyr frå Nordfjella, og i tillegg er det eitt tilfelle som enno ikkje er stadfesta.

Noreg sitt omfattande arbeid for å forsøka å utrydda skrantesjuka og hindra at den spreier seg til resten av Europa har fått internasjonal merksemd. I tillegg til å ta ut heile flokken i Nordfjella er det undersøkt om lag 37.000 hjortedyr.

– I eit møte eg nyleg hadde med EU-kommisær Vytenis Andriukaitis roste han den norske innsatsen med omsyn til tiltak for å utrydde sjukdommen og for å utvikle kunnskap om ulike variantar av smittestoffet, seier landbruks- og matminister Jon Georg Dale.

EU-kommisær Andriukaitis ga uttrykk for at dei norske røynslene er særs nyttige når EU skal vidareutvikla dei nye reglane for overvaking og tiltak mot smitte.

– Noreg fekk anerkjenning for det arbeidet vi har gjort. EU peikar nå på Noreg i den vidare oppfølgjinga av CWD på europeisk nivå, fordi vi sit på mykje kunnskap og verdfull røynsle, seier Dale.

Skrantesjuke, eller Chronic Wasting Disease (CWD) er ein prionsjukdom av same type som skrapesyke hjå sau eller kugalskap, der feilfolda protein hopar seg opp i hjernen og fører til store lidingar og død for dei dyra som blir ramma. Då CWD vart oppdaga i Noreg av Veterinærinstituttet i fjor var det første tilfellet i Europa, og det vart sett i gong omfattande prøvetaking av norske hjortedyr (elg, villrein, tamrein, hjort og rådyr).

Det vart gjort vedtak om at flokken i Nordfjella skal takast ut innan 1. mai 2018. Målet er å avgrense og om mogleg utrydda sjukdommen. Dersom ein kan hindra at sjukdommen spreier seg, vil mange dyr kunna bli spart for dei lidingane den fører med seg. Etter ein brakkleggingsperiode er det planen å reetablera ei frisk og stadeigen villreinbestand i Nordfjella.

Legg inn en kommentar

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.

%d bloggere liker dette: