Kjenner du nokon som har gjort ein ekstraordinær innsats for kulturlandskapet? Då kan du nominere dei til Den nasjonale kulturlandskapsprisen 2018. Fristen for å nominere din kandidat er 1. april
Jondal, bilete: Ivar Nistad
Landbruks – og matdepartementet skriv på nettsidene sine at det er Norsk Kulturarv som har teke initiativ til Den Nasjonale Kulturlandskapsprisen, og som i samarbeid med Landbruks- og matdepartementet og Landbruksdirektoratet kårar det beste prosjektet. Kulturlandskapsprisen har vorte delt ut sidan 2007. Prisen er på 50.000 kroner og eit kunstverk.
Prisen stimulerer til å ta vare på og utvikla kulturlandskapet gjennom gode dømel. Føremålet er både å auka kunnskapsnivået og å bevisstgjera om miljøverdiane i kulturlandskapet, samstundes som den bidrar til å bevisstgjera allmennheita på utfordringar i forhold til kulturlandskapsverdiar.
I 2008 gjekk prisen til Herand Bygdelag i Jondal.
Andre som har fått prisen kan u finna på Landbruksdirektoratet sine nettsider.