Meny Lukk

No vert det genbank for laksefisken i Hardanger

Regjeringa har beslutta å etablera ein genbank for vill laksefisk frå Hardanger.  – Tilstanden for mange laksefiskbestandar i Hardanger er så dårleg at det er naudsynt å sikra dei i genbank, seier klima- og miljøminister Ola Elvestuen

opo
Opo, bilete: Tone Mannsåker

– Ein genbank gjer at me kan bygga opp igjen bestandane av laks og sjøaure i Hardanger så snart tilhøva ligger til rette for det, seier ministeren på departementet sine nettsider.

Den atlantiske laksen består av ei rekke bestandar som er genetisk forskjellige. Ein stor del av bestandane høyrer heime i norske vassdrag.

– Noreg har eit særskilt ansvar for villaksen. Derfor har regjeringa vedteke å etablera ein genbank for laksefiskbestandane i Hardanger. Slik sikrar me at det vil vera lokale bestandar av vill laks og sjøaure i Hardangerfjorden også i framtida, seier Elvestuen.

Når bestandar av laksefisk står i fare for å døy ut, er det mogeleg å ta vare på fisk frå bestandane i ein «bank», for så å reetablera bestandane når negative påverknader er tilstrekkeleg redusert.

Villaksbestandane sin tilstand vert målt etter Kvalitetsnorm for villaks. Seks laksebestandar i Hardanger har vorte vurderte etter kvalitetsnormen. Alle er i svært dårleg tilstand. Analysar utført av Vitenskapelig råd for lakseforvaltning viser stor påveknad frå lakselus og stor eller moderat påverknad frå rømt oppdrettslaks på dei seks bestandane. For éin bestand, Eio, er vassdragsinngrep vurdert å ha moderat påverknad.

Overvåking i regi av Uni Miljø viser at det har vore lite gytefisk over lang tid også i alle dei andre laksebestandane i indre halvdel av Hardangerfjorden og i sjøaurebestandane i midtre del av fjorden. Havforskningsinstituttet si overvåking og modelleringar har vist at påverknaden frå lakselus på villfisken i Hardangerfjorden, er stor.

Også tidlegare har det vore planar om ein genbank for laksefiskbestandar frå Hardanger. Aukte kostnadsoverslag i 2016 gjorde at regjeringa ikkje fant rom for å bygga genbank som planlagt. I budsjettet for 2018 løyvde Stortinget meir pengar til vassmiljøtiltak. Derfor har det no likevel vorte mogeleg å etablera ein genbank. Det vil verta gjennomført ein ny konkurranse i tråd med anskaffelsesregelverket.

Legg inn en kommentar

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.

%d bloggere liker dette: