Meny Lukk

No kan du enkelt finna din tannklinikk

No har det vorte svært enkelt å finna ut kva for ein tannklinikk i Hordaland du høyrer til

tenner

Hordaland fylke fortel at med den nye tenesta «finn din tannklinikk» dei har oppretta på nettsidene sine , er det svært enkelt å finna ut kva for ein offentleg tannklinikk du og din familie tilhøyrer. Kanskje har du flytta og ikkje heilt veit kvar du no skal ta med minsten for tannhelsesjekk?

43 tannklinikkar

I Hordaland er det 43 tannklinikkar som tilhøyrar fylkeskommunen. I tillegg kjem tannlegevakta i Bergen og kompetansesenteret på Årstad. Ved å skriva inn heimeadressa di i eit felt vil du umiddelbart få opp kva for ein tannklinikk som er din.

– No er det svært enkelt å sjølv finne adresse, og kontaktinformasjon for sin tannklinikk. Vi er svært glade for å få på plass denne tenesta, seier Arne Åsan, fylkestannlege i Hordaland.

Det er framleis slik at alle barn og unge får innkalling til tannklinikken sin, som regel annakvart år. Men det kan vera at du treng å gå til tannlegen utanom dette. Då er det greit å søka opp tannklinikken din med eit enkelt tastetrykk.

Tar i mot alle ved kapasitet

Den offentlege tannhelsetenesta har ansvar for barn og unge t.o.m. året dei fyller 20 år. I tillegg behandlar dei psykisk utviklingshemma og pasientar i institusjon og heimesjukepleie.

Men er det ledig kapasitet på tannklinikken, er det fullt mogleg å gå til tannlegen der sjølv om du ikkje fall innom desse kategoriane. Då er det berre å ta kontakt ved aktuelle klinikk.

Prøv sjølv på fylket sine nettsider.

Legg inn en kommentar

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.

%d bloggere liker dette: