Meny Lukk

Nedgang i arbeidsløysa i Desember

Den registrerte arbeidsløysa fell framleis. Frå november til desember blei det 200 færre heilt arbeidslause, ifølgje nye tal frå NAV. I desember var det 65 375 heilt arbeidslause. Det er 13 000 færre enn på same tid i fjor

/anniken haugli
Anniken Hauglie, bilete: Jan Richard Kjelstrup/ASD

Den registrerte arbeidsløysa fell framleis. Frå november til desember blei det 200 færre heilt arbeidslause, ifølgje nye tal frå NAV. I desember var det 65 375 heilt arbeidslause. Det er 13 000 færre enn på same tid i fjor

Den registrerte arbeidsløysa har gått ned gjennom heile 2017. Størst har nedgangen vore i Rogaland, Møre og Romsdal og Vest-Agder.

– Regjeringa kjem til å halde trykket oppe for å bidra til å skape fleire jobbar i 2018. Noreg treng fleire hender i arbeid, seier arbeids- og sosialminister Anniken Hauglie i ei pressemelding.

Fakta om arbeidsløysa i desember:

  • Ved utgangen av desember 2017 var det registrert 65 375 heilt ledige arbeidssøkarar. I tillegg var det 19 585 arbeidssøkarar på tiltak.
  • Talet på heilt arbeidslause målt som del av arbeidsstyrken og justert for normale sesongvariasjonar var i desember 2,5 prosent, om lag som i månaden før.
  • Nedgangen i talet på heilt arbeidslause det siste året har vore størst i Rogaland (–31 prosent), Møre og Romsdal (–23 prosent) og Vest-Agder (–22 prosent) og blant personar med bakgrunn frå ingeniør- og ikt-fag (–33 prosent) og industriarbeid (–29 prosent).

Legg inn en kommentar

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.

%d bloggere liker dette: