Meny Lukk

Migrasong – tonane dei bar med seg over havet

Gjennom musikk, forteljing og biletspel ynskjer fylkesmusikar Reidun Horvei å gje innsikt i og formidla ein viktig og lite påakta del av historia om emigrasjon frå Noreg for 150 år sidan. Voss får besøk i morgon og så står Hardanger for tur

reidunhorvei
Reidun Horvei

På turnéen har Reidun Horvei med seg Øyvind Lyslo (strengjeinstrument) og Per Inge Hove (trøorgel). Regi er ved Tore Nysæter, og bileta er tilrettelagt av Steffen André Hagen.

Premiera var lagt til Emigrantkyrkja på Sletta, sundag 11. februar ifylgje Hordaland fylke sine nettsider .

I framsyninga fylgjer me Olina (16) og Ananias (17) si reise til Amerika på slutten av 1800-talet. Ein vakker vårdag tok dei englandsbåten frå Bergen til Hull i England, med tog til Liverpool og så over Atlanteren til det lova landet, Amerika. Bagasjen skulle ikkje vega meir enn 75 kg, men songane dei bar med seg vog ingen ting.

Fortid og notid

– Me ynskjer å skildra eit levevis gjennom ulike røyster og miljøskildringar, farga av situasjonen som mange flyktningar og innvandrarar både i USA og Noreg lever under i dag. Gjennom sjøfart og folkevandring vart songen spreidd, før som no. Frå heile verda der menneska kjem i kontakt med kvarande, oppstår det nye songar, seier Reidun Horvei.

Samarbeidsprosjekt

Framsyninga er tinga av Museumssenteret i Hordaland, og prosjektet er realisert i samarbeid med Hordaland fylkeskommune. «Migrasong» skal på turné med 11 konsertar i 9 kommunar. I september skal 10 nye kommunar vitjast.

Konsertoversikt på Hordaland fylke

Legg inn en kommentar

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.

%d bloggere liker dette: