Små bokhandlar i Distrikts-Noreg kan no få støtte gjennom Merkur-programmet til å styrke og utvikle drifta. Opptil 10 bokhandlar kan få inntil 50.000 kr til å utvikle butikken som sosial og kulturell arena

boker
Kommunal – og moderniseringsdepartementet fortel i ei pressemelding at den nye støtteordninga er eit tilbod til bokhandlar som ynskjer å utvikla bokhandelen til ein sosial og kulturell møteplass for lokalsamfunnet. Ordninga skal til dømes hjelpa bokhandlarar som ynskjer å legga til rette for mellom anna forfattarmøte, litteraturkveldar og andre typar kulturelle arrangement i bokhandelen.

Merkur-programmet er Kommunal- og moderniseringsdepartementet sitt verktøy for å utvikla distriktsbutikkar og har arbeidd med utvikling av bokhandlar sidan 2008.

– Eg har sjølv sett kor viktig det er å oppretthalda eit godt tenestetilbod i distrikta. Både nærbutikkar og bokhandlar er medpå  å skapa levande lokalmiljø, seier kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner.-  Eg tykkjer difor det er flott at bokhandlarane i distrikta får høve til å søka om utviklingsstøtte.

Merkur-programmet har erfart at det er mogeleg å få til vekst og utvikling i små bokhandlar med relativt små investeringar. Merkur startar derfor no opp ei ny støtteordning for bokhandlar.

– Bokhandelen er ein viktig kulturberar i mange lokalsamfunn rundt om i Noreg. Bokhandlane kan vera meir enn ein plass ein kjøper bøker, dei kan vera gode, kulturelle møteplassar. Den nye støtteordninga skal gjera det lettare for bokhandlane å gjennomføra omstilling og styrka drift og lønsemd i verksemda, seier Sanner.

Tilbodet om utviklingsstøtte gjeld for Merkur-bokhandlar som er lokalisert i ein tettstad eller småby i Distrikts-Noreg. Bokhandelen må vera einaste bokhandelen i tettstaden eller handelsområdet, og den må ha ei omsetning på under 7 millionar kroner. Fristen for å søka om støtte for 2017 er 1.oktober.

Legg inn en kommentar

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.