Meny Lukk

Meir støtte til lokal aktivitet gjennom Grasrotandelen

Kongen har i statsråd vedteke ny forskrift om Grasrotandelen gjeldande frå 1. januar 2018. Forskrifta inneber at ein større del av spelinnsatsen no vert øyremerka til frivillige lag og organisasjonar

grasrotandelen
– Målet med å utvida Grasrotandelen, er å sikra endå betre økonomiske kår for frivilligheita. Gjennom Grasrotandelen får folk mogelegheit til å visa si støtte til det idrettslaget eller den foreininga som ligg hjarta deira nærast. Pengane er ei viktig inntektskjelde for små og store lag og foreiningar landet rundt, seier kulturminister Linda Hofstad Helleland i ei pressemelding frå departementet.

Frå 2018 kan sju prosent av spelinnsatsen hjå Norsk Tipping gå til vald lag eller foreining. Tidlegare har denne andelen vore på fem prosent. For spela Multix og Instaspill vert Grasrotandelen auka frå fra 10 til 14 prosent.

Sidan lanseringa i 2009 er det det generert over to milliarder kroner gjennom ordninga. Ein million kundar hjå Norsk Tipping har vald ein organisasjon som skal få prosentdelen deira, og meir enn 25 000 lag og organisasjonar får midlar. For 2017 utgjer grasrotandelen om lag 465 mill. kroner.

Legg inn en kommentar

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.

%d bloggere liker dette: