Meny Lukk

Matnasjonen Noreg skal byggast

Bygginga av Matnasjonen Noreg er eitt av måla i landbruks-og matpolitikken som fylgje av Stortinget si handsaming av Meld. St.11 (2016–2017). Konkret seier strategien at: «Noreg skal vera ein internasjonalt anerkjend matnasjon med tydeleg lokal og regional identitet»

grønveke
Regjeringa har fylgd opp måla i landbruks – og matpolitikken i forslaget til statsbudsjett frå Landbruks- og matdepartementet ifylgje Landbruks – og matdepartementet sine nettsider.

«Det er eit stort potensial for auka verdiskaping knytt til lokalmat. Det er eit stort engasjement både lokalt og regionalt for å utnytte dette potensialet enda betre. Fleire regionar har difor utforma eigne matmanifest og planar for oppfølging av desse. Regjeringa vil ta grep for å samle desse initiativa for å synleggjere mangfaldet og konkretisere kva matnasjonen Noreg er og kan bli. I dette arbeidet vil regjeringa trekkje veksel på innspel frå ei samla matnæring, inkludert mellom anna råvareprodusentar, industrien, lokalmataktørar, kokkar og reiselivet.»

I strategien for reiseliv basert på landbruket og reindrifta sine ressursar som regjeringa la fram tidlegere i år Opplevingar for ein kvar smak, er utviklinga av Noreg som ein matnasjon, eitt av to delmål i strategien. Konkret seier strategien at:

» Noreg skal vere ein internasjonalt anerkjend matnasjon med tydeleg lokal og regional identitet. […] Å kopla mat og reiseliv har vore eit sentralt ledd i arbeidet med å styrka verdiskapinga. For at næringa framleis skal veksa og vera leverandør inn mot reiselivsnæringa, er det naudsynt med ei endå tydelegare spissing av lokal og regional identitet. Det er særskilt gjennom å samla ressursane ein i fellesskap klarer å etablera ei anerkjend merkevare.»

Dette gir eit klart mandat for å sjå volumproduksjon og lokalmatnæringa i samanheng. Ei nasjonal historie om mat og drikke må omfatta produkt frå både land og sjø, og inkludera både volumproduksjon og lokalmat. Matnasjonen Noreg må sånn sett femna vidare enn berre reiseliv, vidare enn berre landbruk og reindrift, vidare enn berre sjømat og skal bidra til stoltheit, næringsutvikling og verdiskaping, skriv departementet.

«For å få til dette, er det viktig å engasjera breidt når vi skal utforma historia og innholdet i den. Forpliktande engasjement frå dei involverte aktørane står sentralt i eksisterande regionale matmanifest. Det bringer aktørane i heile verdikjeda saman om felles målsettingar med sikte på utvikling til beste for alle involverte.»

Ei viktig målsetting når Matnasjonen Noreg skal utformast, må derfor vera å skapa eigarskap til innhaldet og oppfylfjing av det. Dét er tanken bak det settet av innspelsmøter departmentet inviterer til, kor sentrale aktørar møtest for å dra nytte av meiningsbrytningane seg imellom.

Sluttresultatet må innehalda moderne og tradisjonell mat med eksempelvis kvalitet og innovasjon som felles nøkkelement. Tema som vert synleggjorte kan ein lesa om på Landbruks – og matdepartementet sine nettsider.

Legg inn en kommentar

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.

%d bloggere liker dette: