Meny Lukk

Matilsynet skjerpar grepet

Ein ny rapport frå Mattilsynet viser at fleire dyreeigarar enn før er ilagt ein reaksjon for mangelfull dyrehald

svin-griser

bondebladet fortel at i andre tertial, mai til august, førte Mattilsynet tilsyn med dyrevelferda i 2 556 dyrehald. Det er 159 fleire enn samme periode i fjor.

I 45 prosent av dyrehalda vart det funne ulike brot på regelverket. Også antalet bekymringsmeldingar  held fram med å auka.

– Funna viser ikkje totalbiletet av korleis dyr i Noreg har det, men gjeld dei dyreholda der det er størst risiko for at dyra ikkje vert godt nok teke vare på. Tala omfattar både små og store regelbrot, og eit regelbrot betyr ikkje alltid at dyra er påført liding. I meir enn halvparten av dei dyrehalda våre inspektørar var på tilsyn i, vart regelverket om dyrevelferd fylgd, seier leiar Torunn Knævelsrud i Mattilsynet sin seksjon for dyrevelferd.

I år er det fleire dyrehald med svin, sau og fjærfe som har fått besøk av Mattilsynet enn i samme periode i fjor.

– Det er særleg i dyrehald med svin, men også sau og storfe, at Mattilsynet har sett i verk tiltak for å få dyreeigarane til å retta opp tilhøva for dyra sine, opplyser Knævelsrud.

For svin er det også ein auke i hastevedtak. I heile 44 prosent av 75 saker, var brota på regelverket så alvorlege at Mattilsynet måtte fatta hastevedtak, mot 30 prosent i fjor.

Seksjonssjefen meiner auken kan skuldast at Mattilsynet no gjennomfører ein eigen tilsynskampanje i Rogaland retta mot slaktegrisar.

Inspektørane i Mattilsynet registrerte i denne perioden alvorleg vanskjøtsel av dyr i 12 dyrehald. I heile 2016 vart det registrert vanskjøtsel i 42 dyrehald.

– Sjølv om kvart tilfelle er eitt for mykje, meiner me talet er lavt sett opp mot det totale antalet dyrehald, seier Knævelsrud.

Eit viktig grunnlag for å oppdaga dyr som lid, er bekymringsmeldingar frå publikum. Mattilsynet fekk 3 984 bekymringsmeldingar om dyrevelferd i andre tertial 2017. Tala for tilsvarande periode i 2016, var 3 495, og 3 161 i 2015.

– Bekymringsmeldingane er ei viktig kjelde til å oppdaga risikodyrehald, særleg når det gjeld kjæledyr. Me oppfordrer alle som kjenner til dyr som lid, om å melda frå via varslingsknappen på mattilsynet.no, seier Knævelsrud.

Legg inn en kommentar

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.

%d bloggere liker dette: