16.oktober vart 25 årsjubileet for det internasjonale nettverket rundt économuséa markert i Bergen. Eit économusée er eit konsept der gamle handverkstradisjonar får nytt liv gjennom eit visingssenter der ein både kan sjå handverket bli utført og kjøpa produkt
Hordaland fylkeskommune har hatt ei viktig rolle i arbeidet.
– Hordaland fylkeskommune har vore leiande partnar for économusée-prosjektet sidan starten i 2008, til Norges Vel overtok i 2014. Eg har lært at économuséa kombinerer kultur, handverk og turisme. Dei praktiserer tradisjonelle og moderne teknikkar og får handverket til å overleve og skape nye arbeidsplassar. Det er fantastisk at Vestlandet snart har 14 économusée, sa Beate Husa, leiar av utval for kultur, idrett og regional utvikling, under opninga av konferansen som markerer det fem dagar lange 25 årsjubileet for det internasjonale nettverket.
– V kan feira 25 år for économusée-nettverket, 10 år for det første économusée i Europa og Noreg og fem år for den første internasjonale konferansen for économusée-nettverket. Velkomen til den andre konferansen. Gjennom desse åra har me fått eit sterkt nettverk. Me har no 98 économusée i Canada og Nord-Europa. Vi har fått utdanna unge handverkarar over landegrensene og turistane spør etter dette. Nøkkelen er at handverkarane møtest og utviklar produkt sa Guertin.
Generaldirektøren gjev ros til Hordaland fylkeskommune.
– Det var naturleg å leggje den andre internasjonale konferansen til Hordaland som var leiande partnar i mange år. Dessutan er Vestlandet ein perfekt stad sidan det er så mange économusée her. Det er takka vere prosjektleiar Terje Inderhaug i Hordaland fylkeskommune at me har économusée i Noreg og Europa. Han kom til Canada, tende på ideen og tok konseptet med seg til Europa, seier Carl-Éric Guertin.
Oselvarverkstaden var det første économusée i Hordaland. Hardanger har eitt; Syse gard i Uvik.
Les meir på economusee.