Meny Lukk

Lothepus og Tokvam i bokprat på årets symposium

Leif-Einar Lothe, betre kjend som Lothepus, sjarmerer og provoserer folk over heile landet, skriv Samlaget, forlaget som er utgjevar av boka Finn Tokvam har skrive om Lothe – som dei kallar fenomenet ingen kan vera likegyldig til

lothepus
Lothepus, bilete: Old River Saloon

Forlaget omtaler Lothe som «Hardhausen frå Odda i Hardanger, med cowboyhatt og røyk i kjeften», og meiner altså at han er eit fenomen.

Over ein million følgde med då Lothepus vann realityserien «Farmen kjendis» vinteren 2017. Men kven er han? spør Samlaget. Eit ekte mannfolk? Ein dinosaur med forkvakla kvinnesyn? Ein snill og hjelpsam mann? Ein som gir faen? Ein tulling? Eit geni?

Samlaget fortel at journalist og forfattar Finn Tokvam har hatt mange samtalar med Lothepus for å finne svar på desse spørsmåla. Resultatet er ei bok med røvarhistorier og private foto frå ein sann eventyrar. Lothepus fortel om den gongen han flykta frå politiet med hest, om kunsten å ri i fylla, og om då han var på reinjakt på vidda og leigde sjøfly for å gå på pub i Bergen. Han fortel også om kva det gjorde med han at han mista veslebror sin, Stian, i ung alder.

Finn Tokvam som sjølv er frå Flåm i Sogn, såg noko han kjente att i «Lothepus» og uttrykte det slik i intervju med nrk:

– På austlandet ser folk på han som ein skikkeleg original, men på Vestlandet kjenner vi jo alle ein Lothepus. Han er farleg nær slike typar som eg sjølv kjenner frå oppveksten.

Boka heiter «Lothepus – Går det til helvete, så går det til helvete», og både forfattaren og fenomenet sjølv, Lothepus, vert å høyra i samtale med Kjersti Mjør  på Iris Scene onsdag 11.oktober, opningsdagen for årets Litteratursymposium.

Fleire anmeldarar har gitt boka gode skussmål.

«Rabbagasten Lothepus appellerer til opprøraren i oss. Men tøffingen frå Hardanger er mjuk under skalet, skreiv Stavanger Aftenblad sin anmeldar Tom Hetland og gav terningkast fem for boka.
«Boken er bra, jæskla bra, første kapittel setter tonen og stilen så klokkerent at man får lyst til å ete boken i et jafs som om den var en burger, skreiv Mari Grydeland, Aftenposten.

På samlaget sine nettsider kan ein få ein smakebit av innhaldet, for å seia det slik, og bla i boka.

Legg inn en kommentar

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.

%d bloggere liker dette: