Det er Frode Grytten Beatband som leverer bestillingsverk til Litteratursymposiet 2017. – Gjer deg klar for kjærleik, gjer deg klar for den store songen, seier festivalleiar Ingvild Ystanes

frode-grytten-beatband
Frode Grytten Beatband, bilete: Renate Aase

Big Money. Big Music. Big Time. Frode Grytten Beat Band slår på stortromma under årets symposium, fortel Ystanes i ei pressemeling frå symposiet.

Etter å ha valsa over Haugesund, Drammen, Bergen og Arendal kjem bandet heim til Odda for å servera publikum eit eksklusivt utval av dei største og beste songane som er laga.

Denne gongen er bandet forsterka med Tyssedalskoret, som ifylgje pressemeldinga vil spikra opp ein vegg av vibrerande og sjelfull korsong bak vokalistane Pedro Carmona-Alvarez og Annlaug Børsheim.

Det vil bli songar om pengar, songar om krig og kjærleik, songar om gud og heimstad, songar om å gå under og songar om å ropa til dei som sit på toppen.

Pressemeldinga avsluttar på gryttensk vis slik

2017 er eit uroleg og merkelig hav me siglar rundt på: Gud er på forretningsreise, og skipet er i ferd med å synka. Men Frode Grytten Beat Band held seg flytande. I alle fall til siste tone er sunge denne kvelden i Lindehuset. Gjer deg klar for kjærleik, gjer deg klar for den store songen.

Arrangementet går laurdag 14. oktober.

Legg inn en kommentar

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.