Utval for kultur, idrett og regional utvikling (KIRU) vedtok onsdag ei samla løyving på 6.500.000 kroner fordelt til 20 søkarar gjennom kulturelt utviklingsprogram(KUP) for 2017. Eit par prosjekt i Hardanger og Voss vart tilgodesette, tre fekk avslag

riddartokt
Riddartokt i Agatunet. Bilete Hardanger og Voss Museum

KUP er eit verkemiddel for større satsingar i kulturlivet i Hordaland, og skal støtta nyskapande og målretta prosjekt initierte av kulturlivet.

KUP er eit supplement til Hordaland fylkeskommune sin øvrige innsats på kulturområdet, og til annan offentleg eller privat økonomisk medverknad.

Busjettet som er avsett til føremålet i 2017 er på 6.500.000, derav 500.000 avsett tilidrett og friluftsliv.

Det var totalt 40 søknader, av desse er det tilrådd støtte til 20 ifylgje fylkeskommunen sine nettsider.

Det er tilrådd støtte til Hardanger og Voss Museum avdeling Agatunet. Prosjekt: Riddarklubben, 300.000 kroner over tre år. Til Stiftinga Ole Bull Akademiet på Voss er tilrådinga 780.000 over to år til prosjektet Folkedans i Hordaland.

Prosjekt i vår region som fekk avslag, er Odda kommune som søkte om 100.000 kroner til prosjektet Digitalisering av Bikubegang (eit år), Lars Ove Seljestad som søkte om 200.000 kroner til Jernrosa Litteraturfestival (tre år) og Norsk Vasskraft og industristadmuseum som søkte om 1.200.000 kroner til Senter for Industriarkiv.

Scenefolk, som står bak festivalen No Fringe, er blitt innvilga 900 000 kronar og stikk dermed av med den største tildelinga i år. Dei ynskjer å etablera ein årleg festival, og første arrangement fant stad 11. – 14. september. Pengane som er innvilga, er for tre år.

Bergen og Hordaland Turlag fekk 500 000 til prosjektet «Kystfriluftliv og kulturminner». Dette er for ein to-års periode.

Fullstendige lister over tildelingar og avslag på einnsynhfk

 Tips noen om denne saken
Sende til flere mottakere? Separer adressene med komma.

Legg inn en kommentar

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.

%d