Meny Lukk

Kulturdepartementet skal kåra årets beste nynorskkommune 2017

Kulturdepartementet oppfordrar kommunar og fylkeskommunar med nynorsk som målform til å søka. Prisen går til ein kommune eller fylkeskommune som har nynorsk som målform

nynorsk

Utdeling av prisen Årets nynorskkommune 2017 blir i desember, og vinnaren får 100 000 kroner.

Føremålet med prisen er å stimulere til god nynorskbruk i kommunane, skriv Kulturdepartementet.

Kven kan søka om prisen?

Kommunar og fylkeskommunar som har gjort ein innsats på eitt eller fleire av områda som er nemnde under, kan søka:

  • aktiv bruk og synleggjering av nynorsk i kommunale planar
  • aktiv bruk av nynorsk i kommunikasjonsarbeid. Dette kan til dømes vere heimesider, digitale tenester, skriftleg informasjon til innbyggjarane og marknadsføring av kommunen
  • eigne retningslinjer for nynorskbruk i kommunen
  • tiltak som fremjar bruk av nynorsk i kommunale og interkommunale føretak
  • opplæring i god målbruk for tilsette i kommunen
  • opplæringstilbod for innvandrarar og flyktningar på nynorsk
  • marknadsføring av nynorsk i kulturarbeid og kulturarrangement
  • tidleg nynorskinnsats i barnehagar og barneskule
  • tiltak som utvidar bruken av nynorsk eller fremjar bruken av nynorsk på nye område

Søknadsfristen er 1. november 2017.

Det er kommunane og fylkeskommunane sjølve som søker om å bli med i konkurransen.

Kommunar som har søkt tidlegare, er og velkomne til å søka.

Språkrådet leier juryarbeidet på vegner av Kulturdepartementet. I juryen sit også representantar for Nynorsk kultursentrum, Landssamanslutninga av nynorskkommunar, Noregs Mållag og KS.

Merk søknaden ”Årets nynorskkommune” og send han til post@sprakradet.noeller

Legg inn en kommentar

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.

%d bloggere liker dette: