Klima- og miljødepartementet har no slått fast kva slags natur som skal prioriterast for kartlegging i 2018 og korleis kartlegginga skal gjennomførast. Dette er basert på framlegg frå Miljødirektoratet
Espelandsfossen, bilete: Ivar Nistad
Klima – og miljødepartementet har har gjort framlegg om at 76 naturtyper skal prioriterast for kartlegging, basert på anbefalingar frå ei breidt samansett ekspertgruppe. Klima- og miljødepartementet gir si tilslutnang til dette. Kartlegginga av viktig natur er ein del av det økologiske grunnkartet. Å ha kunnskap om kor viktig natur fins, er sentralt når store og små tiltak i naturen skal planleggast og realiserast.
– Me har dei siste åra hatt eit kunnskapsløft for naturen. Kartlegginga i sommar vil bidra med ny og viktig kunnskap som gjer oss endå betre i stand til å ta vare på naturen, seier klima- og miljøminister Ola Elvestuen.
Les Klima- og miljødepartementet sitt brev til Miljødirektoratet her.
Les anbefalinga frå Miljødirektoratet her