Meny Lukk

Jaktar på ny Askeladd

Bondelaget og Landkreditt har starta jakta på årets Askeladd. Både pengepotten og aldersgrensa har stege i 2018. Askeladdprisen skal gå til personar som er i ferd med, eller har etablert ny næringsverksemd på bygdene
askeladd
Bondebladet fortel at kåringa er eit samarbeid mellom Bondelaget og Landkreditt, og prisen skal delast ut på Bondelaget sitt årsmøte i juni.I fjor vant Avdemsbue og Avdem Gardsgrønt, ved Anna Haugstad Avdem og Sofia Bang Elm, Askeladdprisen. Dei delte pengepotten på 30 000 kroner.

Prisen i år er på 50 000 kroner og aldersgrensa for å vere aktuell er høyna til 40 år. «Vi ser etter kreativitet og pågangsmot, og virksomheten må bidra til å skape nye arbeidsplassar i lokalsamfunnet», ifylgje ei pressemelding frå Bondelaget.

– I tillegg vart me jo inviterte på årsmøtet til Bondelaget for å ta imot prisen og gjort stas på, legg ho til.

Anna starta bua når ho var 23 år, og synest det er bra at prisen skal gå til unge personar.

– Ein kan arbeide mykje og ta ekstra tak når ein er ung. Det må ein jo ofte når ein startar opp noko. Men eg kan også forstå at alderen er sete opp til 40 år, sidan mange tek over gardar og flyttar heim når dei nærmar seg denne alderen, seier Askeladd-vinnaren.

Avdem Gardsgrønt går i gang med sin andre vekstsesong og lanserer i sommar grønsaksabonnement med hentestad på Avdemsbue, på Dombås og på Åndalsnes.

– Det er heilt klart ein fordel at vi er fleire gründerar som kan jobbe saman – med ulike område, men også mot felles mål for Avdem, seier Anna.

Askeladdprisen blei delt ut fyrste gang i 1995, og har blitt ein veletablert pris for gründerungdom på bygda. Alle kan foreslå kandidatar til prisen, og ein kan også sende inn forslag på seg sjølv.

Mange tidligare prisvinnarar har hatt suksess med sine konsept, og nokre har slått gjennom internasjonalt.

Med nominasjonen må det følgje ei skildring av forretningsidé, samt mål og planar for verksemda. Fristen for å nominere kandidatar er 22. april.

Legg inn en kommentar

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.

%d bloggere liker dette: