Me har overskot på elektrisk kraft i Hordaland og fylkeskommunen ynskjer å vera foroverlente når det gjeld å bruka krafta til produksjon i Noreg, framfor å senda kraft til utlandet ifylgje fungerande fylkesvaraordførar Roald Kvamme

datalagring

Hordaland fylke fortel på nettsidene sine at  på initiativ frå samarbeidspartnarane Hordaland fylkeskommune, Invest in Bergen og BKK vart det  tirsdag arrangert møte om korleis ein kan legga til rette for framtidige datasenter i fylket. Senter for datalagring er ei relativt ny næring som gir store moglegheiter for nye arbeidsplassar. Ordførarar, rådmenn, plansjefar og eigedomssjefar frå kommunar i heile fylket deltok i møtet på fylkeshuset.

Hordaland fylkeskommune sette i haust av 2 millionar kroner til arbeidet med utvikling av datalagringssenter og betre fiberstamnett. Datalagringsnæringa er kraftkrevjande. Dette set krav til energitilgangen der dei skal lokaliserast. Feire kommunar i Hordaland har vist si interesse og meldt inn aktuelle areal for etablering av datasenter.

Eit av konkurransefortrinna for kraftindustrien på Vestlandet er at den er fornybar.

– Energi er ei av næringane me er sterke på samstundes som det har utviklingspotensiale. Nabofylket vårt, Sogn og Fjordane, er og veldig gode på energi. Ettersom me snart skal jobba endå tettare, er det viktig at vi allierer oss med dei i dette arbeidet, seier Kvamme.

Fylkeskommunen har eit regionalt mål om at datasenterindustrien skal vera under etablering innan 2020. Kvamme understrekar at marknadsføring og godt samarbeid i regionen er viktig.

– Me skal posisjonera Vestlandet og levera lokasjonar med høg kvalitet. God og målretta styring er sentralt for å få dette til. Fylkeskommunen er ambisiøs på vegne av vår region og den nye regionen.

Legg inn en kommentar

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.