Meny Lukk

Historisk tillitt til norske jegerar

Aldri før har norske jegarar hatt så stor tillit i befolkninga som no. 86 % av dei spurde har svært eller ganske god tiltru til at jakt i Noreg vert utøvd på ein human og forsvarleg måte. Det er «all time high» i den perioden NJFF har målt

jeger
Bilete: NJFF

Norges Jeger – og Fiskerforbund (NJFF) fortel i ei pressemelding at befolkninga si haldning til jakt og jegarar vert målt regelmessig gjennom Natur- og Miljøbarometeret til TNS-Gallup.
Der vert det stilt bortimot identiske spørsmål med tre års mellomrom. Slik kan ein få fram endringar i haldninger til aktuelle natur- og miljøsaker i befolkninga over tid.

Det er særleg andelen som har svært stor tiltru til at jakta i Noreg vert utøvd på ein human og forsvarleg måte som aukar. (Frå 18 % i 2014 til 30 % i 2017)

Tre av fire nordmenn er positive til jakt
Også på det meir generelle spørsmålet om haldning til jakt, er det ei positiv utvikling.
74 % av alle spurde er svært eller ganske positive, det beste talet NJFF har målt sidan 2008. Det er ein auke  på 6 % frå 2014.

Gledeleg og fortent
– Dette er svært gode tal for oss som arbeider for at jakta skal gå føre seg i skikkelege former, uttaler leiar i Norges Jeger- og Fiskerforbund, Runar Rugtvedt.

– Det samsvarer godt med det inntrykket me har av den norske jegaren. Han eller ho er ein dedikert person med glødande interesse for natur og dyreliv, og som bryr seg om at den jakta ein driv med, skal vera så god som mogeleg, både for folk og dyr. Me har eit forvaltaransvar, og den oppgåva tek me på alvor. Slik sett er det derfor riktig å si at tilliten er fortent.

– Samtidig er me audmjuke for det faktum at me utøver ein aktivitet som krev særleg aktsemd i høve til andre naturbrukarar. Det er rom for alle dersom ein tek omsyn til kvarandre. Ei så høg tillitsscore som me no har fått, forpliktar sjølvsagt jegarstanden i tida framover. Gjennom eit utstrakt opplærings- og skuleringsarbeid i lokalforeiningar over heile landet, sikrar me at me har kompetente jegarar. Me kan lova at vårt arbeid med fokus på tryggleik, gode skot og ei fornuftig naturforvalting skal vidareførast, seier ein svært nøgd leiar i NJFF.

Legg inn en kommentar

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.

%d bloggere liker dette: