Samanslåinga av Hordaland og Sogn og Fjordane til eitt stort Vestlandsfylke er i gang. Fellesnemnda, samansett av fylkesutvala i dei to fylka, møttest for første gong i Bergen i går

ordførarar
– Dette er eit historisk møte. Det er no den store jobben byrjar. Vi skal ha gode samtalar framover og jobba for at me får ein god prosess fram mot samanlåinga til eit stort vestlandsfylke 1. januar 2020, seier fylkesordførarane Anne Gine Hestetun og Jenny Følling, ifygje nettsida til Hordaland Fylke.

Fellesnemnda har vedteke å jobba vidare med forslag til fylkesvåpen for den nye fylkeskommunen og få framlagt eit forslag til nytt fylkesvåpen i tredje kvartal neste år.

– Det nye fylkesvåpenet skal vera eit samlande symbol for dei to fylka og vera eit visuelt uttrykk for vår felles identitet, seier fylkesordførar Anne Gine Hestetun.

Fellesnemnda vedtok å setja ned eit arbeidsutval med fire representantar frå kvart fylke. Vidare vedtok fellesnemnda å starta prosess med å tilsetja prosjektleiar for samanslåinga. Prosjektleiaren skal verta fylkesrådmann for den samanslegne fylkeskommunen frå 1. januar 2020. Fellesnemnda har og vedteke møteplan for 2018 og budsjett for samanslåingsprosessen. Neste møte i fellesnemnda vert 7. og 8. mars i Leikanger.

19. januar er dei fire vestlandsfylka invitert til møta i departementet for å drøfta namnet på det samanslegne fylket.

– Fylkestinga våre har gjort vedtak om at namnet på det nye fylket er Vestlandet. Me drar til departementet med dette som utgangspunkt, seier fylkesordførar Anne Gine Hestetun.

Legg inn en kommentar

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.