Facebooksidene til Litteratursymposiet i Odda fortel at Frode Grytten Beat Band kjem til å slå på stortromma under årets Litteratursymposium
F.v. Pedro, Frode Anlaug. Bilete: Tone Mannsåker
Det står å lesa at etter å ha valsa over Haugesund, Bergen og Arendal kjem bandet heim til Odda for å servera publikum eit ekslusivt utval av – sitat: Dei største og beste songane som er laga
Som forsterking har bandet med seg Tyssedalkoret som angjeveleg skal spikra opp ein vibrerande og sjelfull bakvegg attom vokalistane Pedro Carmona- Alvarez og Anlaug Børsheim.
Det vert songar om pengar. songar om krig og kjærleik, songar om Gud og heimstad, songar om å gå under og songar om å ropa til dei som sit på toppen.
– 2017 er eit uroleg og merkeleg hav vi siglar rundt på: Gud er på forretningsreise og skipet er iferd med å synka, men Frode Grytten Band held seg flytande. Iallefall til siste tone er sunge i Lindehuset.