Meny Lukk

Heidundrande frå a til å i Blueshelga 2017

Blueshelga 2017 starta med eit skikkeleg fyrverkeri då Hannah Aldridge og Jetbone inntok scena torsdag, og avslutninga vart minst like heftig då Ulrich Ellison med band og vener avrunda søndag kveld

ulrich og sabine
Ulrich og Sabine, bilete: Tone Mannsåker

Festivalstart på ein torsdag er normalt ikkje nokon stor publikumsmagnet i Odda, fortel Blueslagsleiar Stein Egil Legård. – Men i år seig eit anstendig antal publikummarar over terskelen på Iris Scene for å oppleva den heftige Hanna Aldridge frå USA saman med det svenske bandet Jetbone.

Saman skapte dei både stemning og temperatur med coyntryrock på ein torsdagskveld i Odda. Jetbone hadde og eit sett åleine, noko som  fall i god jord hjå dei som likar at rocken vert trekt opp eit par hakk.

Med andre ord, ein god start for festivalen.

Då fredagen kom var det Good Time Charlie som fekk æra av å spela på Odda Ungdomsskule. – I tillegg avslutta dei på Hardanger Hotel laurdag kveld, og dette er karar som ikkje er redde for å lea på seg, seier Legård. – For innimellom desse to konsertane for dei avgarde til spelejobb ein heilt annan stad. Imponerande både musikalsk og kondisjonsmessig frå Good Time Charlie.

Festivaltemperaturen nærma seg det febrile fredag kveld då først Peter og dei andre kopier og Mephis Jones inntok Iris scene. Memhis Jones er pastor og kjend for sine mildt forkynnande uttalingar som ein del av konserten. – Det gjorde han jo her og, seier Legård. – Men det er med humor og varme og fabelaktig musikk til, så det gikk veldig bra.

Peter og de andre koper, Kim Larsen – trubute bandet fra Danmark, sette Iris Scene på hovudet for to år sidan. – Og det  gjorde dei i år og, kanskje 360 grader rundt til og med, for publikum var nesten heilt ifrå seg av begeistring.

Dette bandet hadde og eit lengre innslag på Bluesfrukosten med Bård Ose. – Dei fekk med naud og neppe berga seg ned frå scena seier Legård. – Punlikum ville rett og slett ikkje sleppa dei.

På Hardanger Hotel fredagskveld, var det ei nesten heilt rein stjernerekke frå Odda og omegn som rådde scena. – Der fekk publikum høyra att mange av perlene frå tidlegare Allstars arrangement, så eg trur at dei som var der, vart godt nøgde, seier Legård.

Bård Ose hadde i år femårsjubileum som frukostvert på Iris Scene laurdag føremiddag. – Han var strålande opplagt som alltid, fortel Legård. – I år valde han seg politikk som tema og var mellom anna innom songane John Fogerty laga i protest mot presidentar som vart valde, Bad Moon Rising og Deja Vu all over again.  Og i trå med årets tema fekk han besøk på scena av ordføraren vår, Roald Aga Haug.

Mephis Jones var og mellom føremiddagsgjestene til Bård Ose. – Og så hadde han oppe ein eldre amerikanar som er gjest hjå Leif Einar Lothe, ein mann som lagar heilt spesielle gitarar, Michael Walworth. Den gitaren spela forresten Ulrich Ellison litt på, på søndagskvelden.

Ettermiddagsarrangementet på Hardanger Hotel trakk stappfullt hus som alltid. – Og der var det den flinke ungdomsgjengen frå Skare, Someday, som opna ballet og fekk svært god respons frå publikum. – Det fekk og HM Johnsen, årets vinnar av bluescupen på Notodden, fortel Legård. – Mange ynskjer at me skal booka han seinare og.

– Og endeleg fekk Vetrhus Bluesband spela på dagtid, humrar Legår. – Dei pleier jo alltid å avslutta som siste band langt uti natta. Og eg trur at både band og publikum var strålande nøgde med dette i år.

Det skulle vera unaudsynt å legga til at Vetrhus fekk liv i forsamlinga. Det gjer dei alltid.

Laurdagskvelden på Iris Scene hadde ein fin stigning frå herleg folk med The Folk Factory frå Danmark til rå Bluesrock med Spoonful of Blues. – Det dirra godt i veggane då, seier Legård.

Som nemnd spelte Good Time Charlie laurdagskveld, som første band. Ulrich Ellison med kona Sabine på bass, samt trommeslagar, var sist ut. – Og den mannen kan spela gitar, så der vart både høgt og rått, som det bør vera seint på kvelden.

Avslutningsarrangementet søndag kveld, var det Ellison med band som tok seg av.

– Dei gongene me har hatt opne dører søndag kveld, med gratis konsert, har det kanskje slengt fem til 10 peronar innom utanom dei av oss som har jobba heile blueshelga for å få festivalen til å gå rundt. Men i år kom det mykje folk, noko som er veldig kjekt. Ikkje minst fordi det vart ein skikkeleg jam med Sarah Johnsen Melkeraaen, som hadde saksofonen med seg i kulissane.

Melkeraaen og Ellison «konverserte» musikalsk seg imellom på scena, ein improvisasjon som publikum let seg imponera av. – Og så vart jo Tommy Tverdal kalla opp for å synga – om ikkje duett, så iallefall anna kvart vers, seier Legård. Og jamen vart det litt improvisasjon der og.

Ulrich Ellison, erklærte at dei var trøyte etter konserten og ei sein natt til søndag, så han ville ta det litt nedpå søndag kveld. – Men det vart lite av, seier Legård. Med unnatak av eit par låtar, freste Ellison avgarde på gitaren så gnistane fauk og publikum jubla. Så den konserten var ein flott avslutning på Blueshelga 2017.

Legård nyttar høve til å takka dei frå russen som hjalp til under festivalen, og seier at til vederlag, sponsar Blueslaget lokst utøve årets russerevy med lyd.

– Og naturlivis takk til alle medlemene våre som stiller opp frivillig for at vi skal kunna dra festivalen i havn. Dei er dei beste!

Legg inn en kommentar

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.

%d bloggere liker dette: