May Helen Alvseike frå «Vestsido» måtte finna seg ein ny profesjon då ein kneskade sette ein stoppar for offshorekarriera. Ho hadde sysla med smykke på hobbybasis i mange år, men etter å ha sett NRK -programmet Anno i 2016, satsa ho for fullt
Anno vart spelt inn i Fredrikstad og smykka May Helen designa, er inspirert av gamlebyen der, og det skulle visa seg at ideane hennar fekk full utteljing i designkonkurransen SMYKKMEG 2016. Så sant som det er sagt, gjennom Norges Gullsmedforbund vann ho Folkets Favoritt 2016, smykket hennar vart altså kåra fram av folket. Kåringa og utdelinga gjekk føre seg midt i Tigerstaden, på Det Norske Teateri samband med David-Andersen sitt 140års jubilium, og – Snakk om flying-start på gullsmedkarriera, 14dagar på plus-skulen i Fredrikstad var alt eg kunne skryta på meg, der eg satt med Ester Helen Slagsvold, Linn Sigrid Brattland og Gry Grindbakken. Det var stor stas, dessutan møtte eg mange kule og suverent dyktige folk. Somme av smykkene det er snakk om, vart valde ut til Noregsturne, mellom dei Folkets favoritt. -Eg trur smykket mitt er meir bereist i Noreg enn meg, ler May Helen. Smykkekolleksjonen som har namnet NR01, består av festningsmykkene halskjede, climbers (frekke øyredobbar), armring, ring, mansjettar og slipsnål. May Helen forklarer at bakgrunnen for namnet NR01, er at Fredrikstad var fyrste byen i Noreg si historie som er oppkalla etter ein konge/person og vert rekna som den fyrste rennessansebyen i landet. Den kreative gullsmeden driv no og utdannar seg i gullsmedfaget i Fredsrikstad der ho og har gode medhjelparar. – I Fredrikstad har me eit suverent støyperi med navnet: Edelmetallstøperiet. Dei har vore heilt sentale i kolleksjonen min og fått alt til å gå på skinner, seier ho. Men heilt utan sveitte har det likevel ikkje vore. – Jobbinga mi med denne kolleksjonen har vorte lønna med sju lag med ny hud på alle fingrane, samt blod og tårer. Det er enormt krevande arbeid å renovera/fila for å få den kvaliteten og finishen eg søker. Smykkene May Helen lagar, er det lagt tyngde i, og ho ynskjer at det å kunna kjøpa seg eit smykke av NR01 kolleksjonen, skal vera ein milepæl. – Eg planlegg å lansera kolleksjonen min både i Fredrikstad og Odda etter at svennebrevet er i boks sommaren 2018, avslører ho
Gullsmedlærlingen sin ambassadør i Odda er Berg Gull og Sølv AS; eigar og dageleg leiar Annette M. Hauso. – Me er i gang med mange spanande og nyskapande prosjekt, men først fagprøven! seier May Helen Alvseike. |
Hardangergullsmed bak fulltreffaren NR01
