Meny Lukk

HardangerfjordseminaretUNG for tredje gong

HardangerfjordseminaretUNG 2017 vert avvikla i Norheimsund tysdag 26. september. Målgruppa er elevar i vidaregåande skular langs Hardangerfjorden og dagen har status som Fagdag. Seminaret er finansiert av Miljødirektoratet og offentlege organ i Hordaland

gule fiskehatter
Konsentrasjon, bilete: hfsung

Aktuelt i år er mellom anna oppdatert forsking om nisa og plast på avvegar fortel Frode Strønen i ei pressemelding

Kjersti Holmedal, lærar ved Kvinnherad vidaregåande skule og skulekontakten til seminaret, melder at kapasiteten er heilt utnytta, trass i at ikkje alle skulane i nærområdet deltek. Målgruppa er som før elevar med spesiell interesse for natur & miljø, enten det er elevar som har vald slik fordjuping på ålmenne fag på hennar eigen skule, eller meir praktisk som til dømes Villmarkslinja på Voss.

130 elevar er påmelde.

– Målet er å gje elevane kunnskap på høgste faglege nivå om nærområda deira, og slik motivera til større engasjement for naturen me lever i, og til vidare utdanning og yrkesliv, seier ho.

Difor er det henta inn foredragshaldarar som Professor John-Inge Svendsen frå UiB, som får fram kva fjorden betyr for samfunnet, og økologi gjennom tankeeksperimentet at fjorden ikkje fanst i den dalen me lever i. Havforskingsinstituttet har dei siste åra hatt eit forskingsprogram om nisa, og leiar der, Arne Bjørge, kjem og oppsummerer tilstanden for den vesle tannkvalen.

Men òg kjende entusiastar slepp til. Til dømes Kenneth Bruvik frå Norges Jeger- og Fiskerforbund, som tek opp plastproblematikken etter at Granvinskvinna Synnøve Kvamme opnar seminaret med tankar kring «Verdien av levande natur». Andre tema vert fiskeanatomi, tang og tare som mat og naturQuiz.

Flyktningkvinner i Norheimsund smørjer frukost til elevane, og kokkelina ved Fitjar vidaregåande skule serverar lokalmat til lunsj på Hardanger Fartøyvernsenter.

Legg inn en kommentar

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.

%d bloggere liker dette: