Meny Lukk

Hardanger sin kunstnarbustad klar for nye gjester

Hardangerrådet fortel i ei pressemelding at søknadsfrist for opphald i Hardanger sin kunstnarbustad i Berlin 2018, er 25. oktober 2017

hardanger kunstlag
Bilete: Hardanger Kunstlag

Ordninga vart oppretta av Hardangerrådet i 2009. Frå hausten 2016 er Hardanger Kunstlag, på vegne av eit spleiselag som består av alle kommunane i Hardanger, Kunstnarhuset Messen, Hardingpuls, HardingarT og Lærdal næringsutvikling, ansvarleg for artist-in-residence-ordninga Hardanger – Berlin.

Søknad om opphald vert lyst ut om hausten for opphald påfylgjande år. Som retningsgjevande regel vert det høve til eit opphald på inntil 3 månader pr. kunstnar. Ordninga baserer seg på same modell som mellom anna Bergen, Trondheim og Stavanger kommune nyttar.

Opphald kan søkjast av profesjonelle kunstnarar og produsentar i,- eller med tilknyting til Hardanger innanfor alle fagfelt, men ulike faggrupper kan bli prioritert år for år.
Kjelde: hardangerkunstlag.no

Tildelt opphald i 2017

Hardanger Kunstlag

Els Geelen

Eli Raa Nilsen

Ådne Dyrnesli

Ingvild Ystanes

HardingarT

Lærdal Næringsutvikling

Silje Solvi

Arnhild Litlerè

Hardanger Kunstlag

Kjell-Erik Ruud

Kwestan Jamal Bawan

Legg inn en kommentar

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.

%d bloggere liker dette: