Meny Lukk

H.M. Dronning Sonja stiller ut i Galleri G. Guddal i jubileumsåret

I år er det 25 år sidan Galleri G.Guddal i Rosendal hadde si første utstilling. Mange kunstnarar innanfor ulike sjangerar vert å sjå og eller høyra i jubileumsåret, og ekstra gjevt er det at H.M. Dronning Sonja stiller ut grafikk og keramikk i galleriet frå 23.juni

galleri-guddal
Galleri G.Guddal. Bilete: Tone Mannsåker

Det er Knut Olav Åmås, direktør i Fritt Ord, som opnar denne utstillinga som skal stå til 19.august.

Gallerist Gøril Guddal fortel i ei pressemelding at det er ei stor ære for Galleri G Guddal å ynskja velkomen til utstilling med H.M. Dronning Sonja sine heilt nye bilete og keramikk! Dronninga kjem til å fylla begge utstillingsromma med arbeida sine.

Guddal fortel H.M. Dronning Sonja begynte forsiktig med utøvande kunst i Ørnulf Opdahl sitt atelier på Godøya ved Ålesund for ganske mange år sidan. Det starta med akvarellmaling. Etter kvart utvikla dette samarbeidet seg og grafikken kom i fokus.

I 2011 viste H.M. Dronning Sonja, Ørnulf Opdahl og Kjell Nupen ei felles utstilling,

«Tre Reiser. Tre landskap», som ein mellom anna kunne sjå i Baroniet i Rosendal.

Inntekta frå denne utstillinga danna grunnlaget for opprettinga av The Queen Sonja Print Award, eit fond for unge utøvande kunstnarar som jobbar spesielt opp mot grafikk.

For å støtta opp om Queen Sonja Print Award har Dronninga samarbeidd med fleire anerkjende kunstnarar. I 2016 og 2017 laga Dronning Sonja og Magne Furuholmen ei utstillingsrekkje der mange av dei grafiske arbeida var fellesverk, der kunstnarane hadde samarbeidd i eitt og samme bilete.

Før dronninga sitt arbeid kjem til gards, er det fleire andre kunstnarar som vert å sjå.

  1. mars – 13. mai er det Bjarne Melgaard, Sverre Bjertnes, Kjell Nupen med fleire som stiller ut.
  2. mai – 17. juni kan ein sjå maleri og skulptur av Bodil Friele og malene Dekke Eik.
  3. november – 23. desember er detJubileumsutstilling: Galleri G Guddal 1993 – 2018. 25 år.

Hovudutstillarar der er Morten Molden og Karen Rebekka Vasstrand med maleri.

Søndag 18. november kan ein oppleva Arnhild Litlere og Arvid Aasprang (saksofon) som framfører tekstar av Jon Fosse.

Les meir på galleriet si heimeside https://galleriguddal.no/

Legg inn en kommentar

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.

%d bloggere liker dette: