Meny Lukk

Godt resultat for Tysnes Sparebank

Styret i Tysnes Sparebank godkjente kvartalsregnskapet for 3. kvartal 2017 i styremøtet onsdag. Resultat etter skatt er 12,9 millionar kroner, mot 10,9 millionar kroner i same periode ifjor

dag-sandstå-arkiv
Dag Sandstå, Pressebilete

Banksjef Dag Sandstå fortel i ei pressemelding at resultat etter skatt ,betyr ein årleg eigenkapitalavkastning på om lag 8,5 prosent. For eigarar av banken sine eigenkapitalbevis er dette ei særs god avkastning med låg risiko.

Tysnes Sparebank har ein samla forretningskapital på om lag 2,7 milliardar kroner. Dette er ein solid auke, fortel Sabdstå. Kredittveksten er på ca. 20 % hittil i år, medan innskota har auka med 16 %.

Auken i utlån er i hovudsak til privatkundar i regionen. – Den største auken har banken i aldersgruppa 25 til 45 år, noko som er mot alle spådomar, seier Sandstå

Banken vedtok i 2013 ein ny strategi som blant anna innebar å satsa på marknaden utanfor Tysnes kommune. Sunnhordland samt Os- og Fusa området er primærområdet for banken. Det siste kontoret som opna var på Stord i mai i år. Kontoretableringane har vore ein suksess og lokale kundar strøymer til banken.

– Me er svært nøgde med at vår lokalbank vert teken så godt i mot lokalt, seier banksjefen.

Tysnes Sparebank er medeigar i det nystifta eigedomsmeklar-selskapet Aktiv Sunnhordland AS og i Aktiv Hordaland AS. På Stord er banken og meklarane etablert i Bytunet som er sentralt på Leirvik. I Bergen har banken representasjon både på Lagunen og i Bergen sentrum. Dette gjev eit godt grunnlag for å utvikla banken vidare.

For å kunna ta i mot fleire kundar må banken på ny auka eigenkapitalen. Dette vil skje i løpet av november månad. Då vert det høve for både nye og eksisterande eigarar å teikna eigenkapital-bevis.

 

– Me vonar at endå fleire skal få ta del i verdiauken i banken i åra som kjem, seier banksjef Dag Sandstå.

 

Legg inn en kommentar

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.

%d bloggere liker dette: