Fylkesdirektør for opplæring, Svein Heggheim, fortel etter at det første inntaket var klart 7.juli, at 18 482 elevar har søkt og at dei aller fleste av desse har fått tilbod om skuleplass

odda vgs
– Årskullet av elevar som går ut ungdomsskulen i år går litt ned i høve til i fjor, men vi ser at vi har attraktive skular over heile fylket. Og i Bergensområdet er skulane våre eit godt og attraktivt alternativ til dei private skulane, seier Heggheim.

Hordaland fylkeskommune fortel på nettsidene sine at av søkarane har 17 422 elevar rett til vidaregåande opplæring i Hordaland (ungdomsrett). 17 457 elevplassar står til disposisjon. Populære linjer er helse- og oppvekstfag som framleis har vekst. Auken i søkjartala til bygg- og anleggsteknikk dei to siste åra, har flata ut, mens studiespesialiserande utdanning og elektrofag har nedgang. Nedgangen i søkjartalet til teknikk og industriell produksjon (TIP) har stoppa opp, men er nær 40 prosent lågare enn i 2014/15.

Etter det første inntaket står 1040 elevar med ungdomsrett utan tilbod om plass. Flest av desse er i Bergensområdet, 832. I dei andre regionane er det få søkjarar utan plass. Færrast er det i Kvinnherad/Odda med sju søkjarar.

Alle søkjarar med ungdomsrett vil få tilbod om plass før skulestart. Neste tildeling skjer 28. juli. Dei som no har fått plass, må svare om dei tek imot plassen seinast 25. juli elles går plassen tapt.

Legg inn en kommentar

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.