Sogn og Fjordane vil sikra særeige for kraftmilliardar før samanslåing med Hordaland, skriv Klassekampen
Stortinget vedtok før sommarferien å slå saman Hordaland og Sogn og Fjordane til ein region. Fylkestinga i Sogn og Fjordane og Hordaland røysta for ei samanslåing i februar i år. Medan Sogn og Fjordane går til ekteskapet med ein stor medgift fra kraftproduksjonen i Sogn og Fjordane Energi, er Hordaland fattig og gjeldstynga. – Den manglande tryggleiken for kva som skal skje med desse verdiane, er ein av grunnane til at me har røysta mot å slå oss i lag med Hordaland, seier Aleksander Heen, fylkesutvalsmedlem for Senterpartiet i Sogn og Fjordane. Fylkeskommunen har sikra seg ei form for særeige for denne medgifta. Dette særeiget er ikkje endeleg juridisk avklart. – Vi har ein intensjonsavtale som tryggar formuen vår, seier fylkesordførar Jenny Følling (Sp). Ho forhandla i fjor fram avtalen med fylkesordførar Anne Gine Hestetun (Ap). Men då fylkestinget i Sogn og Fjordane skulle røyste over intensjonsavtalen, var hennar eige parti Sp eit av tre parti som røysta imot. Intensjonsavtalen seier at fylkeskommunen kan byggje opp eit fond på inntil 1,5 milliardar kroner i verdiar som «kan bli haldne utanfor regionetableringa i 2020», som det heiter i avtalen. Vinsten ved sal av reiarlaget Fjord1 på ein milliard går inn i fondet, det same gjer aksjeverdien av fylkets aksjar i Sogn og Fjordane Energi. Desse har ein bokført verdi på 350 millionar kroner, men salsverdien er truleg nærare tre milliardar kroner. Fondet og avkastninga frå dette skal nyttast til investeringar innanfor dagens fylkesgrenser for Sogn og Fjordane. Fylkesordførar Følling seier at bruken av bokført verdi var viktig i intensjonsavtalen. – Det er den bokførte verdien som tel, ikkje kva salsverdi selskapet har, seier ho. – Kan du garantere for at verdiane av SFE blir verande att i Sogn og Fjordane? – Fylkestinget gjorde eit vedtak i desember på korleis vi skulle sikre eigarskapen. Den prosessen er vi i gang med hjelp frå dyktige rådgjevarar. Utan intensjonsavtalen ville vi ha hatt eit mykje dårlegare utgangspunkt. Heller ikkje fylkesvaraordførar Åshild Kjelsnes (Ap) kan gje garantiar: – Eg er heilt trygg på at verdiane er betre sikra med ein intensjonsavtale enn utan, men alt ikkje mogleg å avklare 100 prosent på førehand. Heile saka les du på Klassekampen sine nettsider. |