Det amerikanske countryrockbandet Cordovas vert samnlikna med Little Feat og Jackson Browne. I oktober har dei seks konsertar i Noreg og ein av dei er lagt til Iris Scene i Odda 

Cordovas
Cordovas Pressebilete

Cordovas har fem medlemer som alle syng «lead», og saman lagar dei nydelege vokalharmoniar skriv musikknyheter.no.

Bandet består av Joe Firstman, Lucca Soria, Jon Loyd, Graham Spillman og Tobias Weaver. Dei har utgitt to kritikarroste album, med eit høgdepunkt i «The Santa Fe Channel» frå 2017.

Slik forsøker musikknyheter å beskriva musikken:» Man tager en del Laurel Canyon anno 1969, en del The Band og Woodstock anno 1970 og noen deler Grateful Dead og San Francisco anno 1971.»

Cordovas har ord på seg for å vera eit glimrande liveband og dei spelar på Iris Scene fredag 20.oktober.
Arrangør: Blueslaget lokst utøve.

Lyttepøve på Youtube: I’m the one who needs you tonight.

Les meir på nettsidene til Blueslaget lokst utøve

Legg inn en kommentar

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.

Oppdag mer fra Radio Folgefonn

Abonner nå for å fortsette å lese og få tilgang til hele arkivet.

Fortsett å lese