Meny Lukk

Fossilfrie bussar i Hordaland innan 2025

– Me er offensive og stiller strenge miljøkrav, seier fungerande fylkesordførar Pål Kårbø etter at fylkestinget i Hordaland går inn for å redusera utsleppa frå bussane. Målet er at busstrafikken i Bergen skal verta fossilfri innan 2020 og heile Hordaland innan 2025

bussfylke
– Klimautfordringane er den største utfordringa i vår tid. No tek me nye grep for å få ned utsleppa frå kollektivtrafikken. Tidlegare har me vedteke å redusera utsleppa frå ferjene våre, no er det bussane sin tur og deretter båtrutene seinare i haust, seier Pål Kårbø.

Nettsidene til Hordaland fylke fortel at vidare satsing på utbygging av Bybanen, vil vera ryggraden i elektrifisering av kollektivtrafikken i
Bergen. I tillegg vil lenging av trolleybusslinja og biodrivstoff føra til at busstrafikken i Bergen vert fossilfri i 2020. Utvida trolleybusslinje vil erstatta om lag 10 prosent av det totale energiforbruket til bussane i fylket i dag.

Biogass frå anlegget til Bergen kommune i Rådalen, skal brukast til nye kontraktar i busstilbodet. Først ut er område Bergen nord. I alle nye bussanbod skal tilgang og pris frå lokalprodusert biogass verta vurdert.

Der det ikkje vert stilt krav om å elektrifisera bussdrifta eller bruka biogass, skal det stillast krav om berekraftssertifisert biodrivstoff.

Frå 2016 til 2025 vil klimautsleppa i Hordaland verta redusert med 65 prosent som fylgje av tiltaka. Frå 2025 vil ein omfattande overgang til elektrisk transport og lokal biogass redusera utsleppa av Co2 frå bussane i Hordaland, med over 90 prosent i høve 2016. Dette tilsvarar kuttet i Co2-utslepp i dei nye ferjekontraktane i fylket.

Dei samla kostnadene med å redusera klimautsleppa frå busstrafikken i Hordaland, vil ligga på mellom 57 og 82 millionar kroner årleg. Dette tilsvarar fire til seks prosent av kontraktsverdien på bussanboda i dag. For tiltak i Bergen, legg fylkestinget til grunn at dei vert finansiert gjennom den nye byvekstavtalen.

Vedtaket i fylkestinget er basert på temaplan for låg- og nullutsleppsbussar i Hordaland som bygger på kollektivstrategi for Hordaland og miljøstrategi for Skyss. Det følgjer også opp ei rekke politiske vedtak knytt til reduksjon av utslepp og klimapåverknad frå kollektivtrafikken.

Hordaland fylkeskommune arbeider og for å redusere utsleppa frå båtrutene i fylket. Temaplan «Trafikkplan båt» går til politisk behandling seinare i haust.

Legg inn en kommentar

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.

%d bloggere liker dette: