Forskningsdagane 2017 går av stabelen fra 20. september til 1. oktober og vert i år arrangert for 23. gang. Under Forskningsdagane vert forskning presentert på utradisjonelt vis for folk flest. Ein kan og tinga besøk av ein forskar – gratis

forskningsdagane
Publikum kan velgja mellom meir enn 1000 gratis arrangement i regi av rundt 200 arrangørar over heile landet fortel nettsida Forskningsdagene.

Forskningsdagane vert arrangert av Norges forskningsråd i samarbeid med universitet, høgskular, forskningsinstitutt, bibliotek, museum, kommunar og næringsliv. Hovedtema for Forskningsdagane 2017 er «Verdiar».

I tolv dagar, over heile Noreg skjer det: Forskningsdagene inviterer deg til å møta forskarar. Du finn dei melom anna på bussar, torg, scenar og kaféar der dei fortel om forskinga si. Du kan møta dem til middag, gjera eksperiment eller delta i diskusjonar. Eller du kan lena deg tilbake, høyre på ein debatt og læra noko nytt.

I Hordaland kan du få høyra om at dei vala du tek tidleg i livet, kan få store konsekvensar for deg seinare i livet.

Både klasserommet, bedriftskantina og foreldremøtet kan piffa opp serveringa under Forskningsdagene, for mange institusjonar tilbyr utlån av forskarar – heilt gratis!

Det vert laga ei liste med ulike foredrag ein kan velga mellom, og forskarane kjem ut til din skule, klubb, arbeidsplass eller foreining etter nærare avtale. Dei uhøgtidelige foredraga frå lokale forskarar er både lærerike og inspirerande ifylgje arrangørane.

Bestill en forsker er eit ekte produkt av kreative Forskningsdagene-arrangørar som for nokre år sidan kom med ein god idé. Ordninga er og med stor suksess eksportert til to danske og ein estisk festival.

Oversikten over kor forskarar kan bestillast frå, vert oppdatert fortløpande fram mot festivalstart, så følg med på Forskningsdagane.

Legg inn en kommentar

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.