Meny Lukk

Foreslår fire millionar kroner ekstra til butikkar i distrikta gjennom Merkur-programmet i 2017

– Me ynskjer ein enklare kvardag for innbyggarane og at det skal vera mogeleg å bu i heile landet. Eit viktig bidrag er å ha eit godt daglegvaretilbod nær der folk bur i distrikta, seier kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner

handletur

Merkur-programmet bidreg til å oppretthalda og vidareutvikla tilbodet av daglegvarebutikkar i område med små marknader. – Å samla ulike tenester i butikken bidreg til betre tenester, seier ministeren i ei pressemelding.

– Den store interessa for investeringsstøtte syner at det er stor framtidstru hjå distriktsbutikkar rundt om i Noreg. Når me no fyller opp potten for denne støtteordninga, vonar eg at det kjem inn mange nye, gode søknadar. Gjennom Merkur-programmet får me styrka tilgangen til grunnleggande, private tenester i område med få innbyggarar. Dette er god distriktspolitikk, seier Sanner.

Merkur forvaltar ei investeringsstøtteordning, kor butikkdrivarane kan søka om tilskot for å modernisera og vidareutvikla butikkane sine. Etterspurnaden etter investeringsstøttemiddela har vore stor i 2017, og heile løyvinga til dette føremålet blei brukt opp allereie i september. Regjeringa foreslår derfor å auka løyvinga med fire millionar kroner for 2017, slik at butikkane kan halda fram arbeidet med å utvikla butikkane. Dette er midear som går til konkrete tiltak som har stor verknad for dei lokalsamfunna som får eit betre tenestetilbod.

Dette inneber at løyvinga for 2017 vert auka frå 37,3 millionar kroner til 41,3 millionar kroner. For 2018 vert det sett av 48.3 millionar kroner til Merkur-programmet etter budsjettforliket.

– Mange av butikkane har eit stort innslag av samfunnsengasjement og dugnadsånd, både hjå butikkdrivaren og i lokalbefolkninga. Nasjonale styresmakter støttar opp om denne lokale krafta og viljen til å utvikla lokalsamfunnet, gjennom Merkur-programmet, seier statsråd Sanner.

Legg inn en kommentar

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.

%d bloggere liker dette: