Berit Opheim frå Voss er ein av landets aller fremste vokalistar, folkesongarar og tradisjonsberarar. Utval for kultur, idrett og regional utvikling i Hordaland har tildelt ho eit folkemusikkstipend på 50.000 kroner
Bilete: Opheims Facebookside
Silja Solvang og Maria Skjeldrum (Folkemusikk Ung) fekk 25.000 kroner kvar iFolkemusikkstipend
Hordaland fylkeskommune fortel på nettsidene sine at Opheim har utdanninga si frå Bergen Musikkonservatorium og Norges Musikkhøgskole, i tillegg til at ho har gått i lære hjå eldre kjelder som Ragnar Vigdal, Margreta Opheim, Olav Fletre, Agnes B. Garnås og Kirsten B. Berg.
Ho ynskjer å bruka stipendet til å jobba med ei innspeling av folketonar frå Voss. Folketonane er viktige å dokumentera, samt å gjera dei meir tilgjengelege. Dette er flott musikk som Berit ynskjer å dela med flest mogeleg. Songane har Berit tileigna seg gjennom å læra dei frå eldre folkesongarar, lytta til arkivopptak og jobba med notenedskrifter. Ho har jobba med materialet i snart 30 år og brukt dei på konsertar og i undervisning.
Til Kunstnarstipendet til Hordaland Fylkeskommune kom det inn totalt 185 søknadar, sju fekk dela dei 225 000 kronene som var budsjettert til kunstnarstipend.
Marie Amdam, frå popgruppa Razika, og regissør Nina Knag fekk 50 000 kr kvar. Fem andre fekk 25 000 kr kvar.
Kunstnarstipenda skal gje kunstnarar høve til ein periode med fordjupning og / eller fagleg påfyll. For å få tildelt stipend må ein vere profesjonell, utøvande kunstnar busett i Hordaland.
Heile saka kan ein lesa på fylket sine nettsider.