Meny Lukk

Folk manglar ofte dei enklaste, men likevel viktigaste ting

Butikken Hiking Kit Norway i Eitrheimsvegen i Odda var ein ide Eirik Bøen Gravdal opphaveleg hadde tenkt å realisera i 2018, men då han såg at behovet for produkta han satsar på, var stort, starta han førebuingane og opna sommaren 2017

hiking kit norway
Eirik Bøen Gravdal, bilete: JK Flattun

I samtale med programsekretær JK Flattun fortel at han butikken mellom anna er finansiert med hjelp frå Hardangerrådet.

– Me knuste på for å få butikken ferdig og me nyttar denne sesongen til å førebua oss, læra og gjera det endå større til neste år.

Ideen starta eigentleg som ei nettløysing der Bøen og samarbeidspartar ville sjå på kva slags turutstyr dei kunne legga inn i ulike regionar.

– Hovudideen var å finna ut kva slags pakkar me kunne setja saman som ein slags Hiking Kit for til dømes Trolltunga eller andre stader som  Jotunheimen, Senja og så vidare. Me såg først på Odda sjølvsagt sidan det er heimstaden vår, og kva turistane som kjem hit, treng av utstyr.

For å finna ut av det, snakka dei mellom anna med Røde Kors og lokale guidar som har nært kjennskap til behovet.

– Me fann ut at det var enkle ting folk mangla, ofte ting dei ikkje visste at dei mangla, slog slik  førebudde me oss på å ha rett vareutval. I butikken er det alt frå lommelykter og turstavar til hengekøyer.

Butikken skal etter planen stenga 1. oktober for å gjenopnast våren 2018. – Som sagt så er dette eit prøveår, så når me stenger skal me sjå over produkta våre og finna ut kva me har klart å selgja. Me vil og vurdera tilbakemeldingane me har fått, for mange har vore innom og fortald kva dei syns me bør gjera. Rett og slett ei evaluering som gjer oss klare for 2018, seier Gravdal.

Planen er å opna til våren, men det er eit lite atterhald;  kor vidt det vert ein filial i Odda er avhengig av korleis resultatet kan oppsummerast i oktober.

– Me ynskjer og å ha ein filial i Skjeggedal i 2018 slik at me har to utsalsstader i kommunen. Me får sjå når oppsummeringa er klar.

Mange veit at Gravdal er musikar og at han gav ut plate i mars i år.

– Då det var gjort, følte eg at eg førebels hadde tømt meg for musikk og hadde behov for å gjera noko 100% annleis. Eg er ein type som likar å bygga opp ting. Då var Hiking Kit Norway midt i blinken, men når sesongen er over, vil eg spela meir med bandet mitt, ta fatt på plate nummer to og turnera litt igjen. Det gler eg meg veldig til, seier Eirik Bøen Gravdal.

Legg inn en kommentar

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.

%d bloggere liker dette: