Meny Lukk

Fleire samfunnsnyttige og humanitære organisasjoner får Tippemidler

Etter at det i vår vart innførte ny fordelingsnøkkel for fordeling av Norsk Tipping sitt overskot til samfunnsnyttige og humanitære organisasjonar basert på objektive kriterier, vert organisasjonar som før 2014 ikkje fikk tildeling, tildelt 165 millionar

ME
Ad biletet: Myalgisk encefalopatinettverket i Norge (MENIN) vart tildelt midler

Tilsaman 730 millionar kroner av Norsk Tipping sitt overskot for 2016 går til samfunnsnyttige og humanitære organisasjonar. Dette kjem i tillegg til at 23 500 organisasjonar er tildelt 1,32 milliardar kroner i momskompensasjon. Totalt mottek dei frivillige organisasjonane meir enn to milliardar kroner i frie midler frå desse to ordningane i 2017, ifylgje ei pressemelding frå Kulturdepartementet.

-Det er viktig for regjeringa at frivilligheita har gode rammevilkår. Derfor er eg glad for at Stortinget har vedteke ei meir rettferdig fordeling av Norsk Tipping sitt overskot til samfunnsnyttige og humanitære organisasjonar. Det gjer at fleire nye organisasjonar kjem  inn i ordninga i år.

Organisasjonane som tidlegare hadde automatinntekter, er ut 2018 sikra det samme beløpet frå overskotet til Norsk Tipping som dei mottok i 2015. Utover dette kan andre organisasjonar søka på like vilkår i tråd med kriterier for deltaking i ordninga.

I 2017 er det 44 organisasjonar som får tildelt 164 930 962 kroner. Dette er ein auke på 42 prosent frå 2016. Årsaka til auken er større overskot i Norsk Tipping.

– Det er gledeleg at stadig fleire organisasjonar utan tidlegare automatinntekter, til dømes Norske Kvinners Sanitetsforening og Den Norske Turistforening, no får ta del i Norsk Tipping sitt overskot til samfunnsnyttige og humanitære organisasjonar, seier kulturminister Linda Hofstad Helleland.

Sjå liste over tildelingane her

Legg inn en kommentar

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.

%d bloggere liker dette: