Meny Lukk

Flatebø i finalen

– Å vera nominert til Årets unge bonde blir meir og meir stas når einn får så mange kjekke tilbakemeldingar som eg har fått, seier Lars Johan Flatebø frå Etne som er ein av fem finalistar som kan stikka av med sigeren 10.november

jordbruket

Bondebladet fortel at det var totalt 453 unge bønder som var nominert i år. Dei andre finalistane er Cecilie Nilsen, Markus Heiberg, Einar Kiserud og Marthe Bogstad.

Les meir om Flatebø: Årets unge bonde skal kårast.

Kriteria for å bli Årets unge bonde er: Bonden må vera matprodusent, under 35 år, og eit sunt førebilete som kan inspirera fleire kloke hovud og driftige hender til å finna vegen til norsk landbruk.

I år ser juryen spesielt etter bønder som driv garden på ein innovativ og framtidsretta måte.

Vinnaren får 20.000 kroner i reisestipend og avløysar for ei veke, levert av Norske Landbrukstenester.

I 2017 er det åttande gong Årets unge bonde blir arrangert. Sidan oppstarten har over 2300 norske bønder blitt nominert til prisen..

Vil auka rekrutteringa

Kåringa av årets vinnar skjer på Felleskjøpet si landbruksmesse Bedre Landbrukpå Lillestrøm 10. november.

Årets unge bonde er eit samarbeid mellom Norges Bygdeungdomslag, McDonald’s Noreg og Felleskjøpet Agri.

Hensikta med kåringa er å auka rekrutteringa til norsk landbruk og setta fokus på produksjonen av norsk kvalitetsmat.

Årets unge bonde er del av prosjektet Landbruket NXT som også inkluderer rekrutteringskampanjen Grønn utdanning.

Juryen

Juryen som skal kåra vinnaren av Årets unge bonde er leia av Landbruks- og matministeren og består av:

Anita Krohn Traaseth, administrerande direktør for Innovasjon Norge.

Pål Johan From, professor ved Norges miljø- og biovitenskapelige universitet.

Per Borglund, redaktør i Mat fra Norge.

Anne Jødahl Skuterud, styreleiar i Felleskjøpet Agri.

Hilde Øverby, leiar for kvalitet, bærekraft og innkjøp i McDonald’s Noreg.

Tora Voll Dombu, leiar i Norges Bygdeungdomslag

Legg inn en kommentar

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.

%d bloggere liker dette: