Meny Lukk

Fiskesprell skal få born i Hordaland til å lika fisk

Anne Mette Nesje Porten er spesialrådgjevar for folkehelse i Hordaland fylkeskommune og har Fiskesprell som ei av oppgåvene. – VMe brukar 100 000 kroner på Fiskesprell kvart år.Pengane går til å kursa tilsette i barnehagar i å bruka fisk i kosthaldet

laks

– Vi skal få barn til å lika fisk. Sjømat er sunt for fysisk og mental helse og er med på å betra kosthaldet og folkehelsa. Kursa skal inspirera både barna og foreldra, seier Nesje Porten.

Kvart år går 80 tilsette i barnehagar i fylket på kurs i Fiskesprell. I tillegg skal fylkeskommunen frå neste år bruka 32.000 kroner på å kurse elevar i vidaregåande skule som skal bli barne- og ungdomsarbeidarar og som skal ut i lære i barnehagar og SFO.

På nettsidene til Hordaland fylke kan du lesa om journalistar, bloggarar og TV-team frå Thailand følgjer barna i Havhesten barnehage som lagar varm fisk til lunsj.

Legg inn en kommentar

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.

%d bloggere liker dette: