«Bli med på årets vakraste eventyr – Festidalen» skreiv arrangøren i fjor. Dét meiner dei i høgaste grad gjeld for 2018 også. Dei har bytta helg til siste helga i juni, men har ellers planar om å dra på med endå meir av alt dei har å by på
Bilete: Festidalen
Med andre ord, siste helga i juni er det Kvinnherad og Uskedalen som gjeld, skriv dei på facebooksida si.
Festivalen lovar å servera musikk og kortreist mat av internasjonal klasse.
I fjor hausta festivalen mange godord etter det arrangørane fortel, «for eit program!», «for ein burger» og «utruleg mykje flotte folk her»
– Heilt sant, eller #truestory som vi seier på bygda, fastslår dei på Facebook