Litteratursymposiet 2017 går inn i historia som eit av dei store. Etter 99 strøkent gjennomførte arrangement, er festivalleiar Ingvild Ystanes strålande nøgd. – Det boblar av glede i heile meg, seier ho i samtale med programsekretær JK Flattun

litteratursymfosiet
Cold Case i Sentralbadet. Bilete: Tone Mannsåker

På biletet f.v. Museumsdirektør Knut Markhus, radio-journalist Brit Aksnes  og forfattar Kjell Ola Dahl

Om det er publikumsrekord i år, veit ho ikkje heilt endå. – Men det har vore fulle hus stort sett over alt, så at det var ein publikumssuksess, er det ingen tvil om.

Årets tema, kapital, var det openberrt mange som tente på. – Me klarte å programmera det slik at det var mange ulike inngangar til temaet, seier Ystanes. – Kapital er ikkje kjedeleg, ser du.

Når det gjeld rammene rundt, meiner ho at festivalen har funne sin form. – Me tek byen i bruk på kryss og tvers. Eg er veldig nøgd i år, me har brukt Lindeplassen godt med Sentralbadet Litteraturhus samt Containerverkstaden der våre nye naboar, Bluesklubben, held til. Me drøymde om konsertar på plassen ute, men veret sette ein stoppar for det, så det måtte me flytta inn, men det var veldig god stemning der oppe.

Det var i det heile god stemning over heile byen under festivalen. Trass i søppande regn og tung himmel, myldra folk omkring med smil om munnen og eit gjennomvått programhefte i handa, morgon, middag og kveld.

Når det gjeld høgdepunkt, kjem svaret kjapt frå festivalleiaren. – Eg er nok litt nerdete. For meg er det topp når systema våre virkar og at medarbeidarane mine veit kva dei skal gjera. Eg kjem gjerne susande inn frå sidelinja med heseblesande spørsmål om me har hugsa det og det, og då er svaret alltid: Slapp av – dét har me kontroll på. Så dei er erfarne og rutinerte.

Sjølv om Smelteverketsområdet med Sentralbadet, Lindehuset og Containerverkstaden er eit slags pulserande hjarte i Litteratursymposiet, er Ystanes oppteken av at festivalen ikkje skal fortetta seg der. – Det må ikkje vera slik at den som ikkje finn vegen til Lindeplassen, ikkje oppdagar at det er ein festival på gang. Derfor brukar me heile byen og får litt puls i gatene og.

Den påkomande kommunesamanslåinga er noko festivalen allereie førebur seg til. – Eit par veker før festivalstart var me rundt om i nesten heile Hardanger. Jondal og Ullensvang naturlegvis, men og i Eidfjord, Ulvik og Kvam, for å snakka med naboane våre og diskutera kva me kan bidra med og vise versa, slik at ein kan gjera Litteratursymposiet endå meir relevant for heile Hardanger.

Eit tett samarbeid med Ullensvang har festivalen hatt lenge. – Mellom dei omlag 30 skulearrangementa me har, er det mange som er lagt til skule og barnehage i Ullensvang til dømes.

Årets festival er altså vel i hamn, no gjenstår det berre å telja hovud og kroner og gjera opp status. – Det er alltid veldig kjekt å starta på nytt, ny festival, blanke ark, seier Ystanes.

Mange set stor pris på dei musikalske høgdepunkta under festivalen og Ingvild Ystanes lovar at det vert det i framtida og. – Sjølv om dette primært er ein litteraturfestival likar me å ha både musikk, teater og humor programmert inn, så det vert det, seier festivalleiaren som kan pusta langt og godt ut etter det mange meiner er tidenes festival.

Formelt sett er det Kulturetaten i Odda kommune som er arrangør for Litteratursymposiet, med Blueslaget lokst utøve som teknisk arrangør.

Legg inn en kommentar

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.

%d