Meny Lukk

Eit Hardangerråd for framtida

Når det gjeld Hardangerrådet si framtid etter kommunesamanslåinga er gjennomført, seier dagleg leiar Jostein  Eitrheim at ein no vil starta ein prosess for å sjå om Hardangerrådet skal verta ein regionsssamarbeid som skal inkludera det nye Voss herad eller om det skal finnast andre avgrensingar

jostein eitrheim
Jostein Eitrheim, arkivbilete

– Men Hardanger som geografisk område, står jo fast, seier han. – Det ligg her og me har vår geografi, så i høve til omgrepet Hardanger, vil nye Voss herad vera ein del av det fordi heradet vil ha grense til Hardangerfjorden eit godt stykke, frå Ålvik til Hardangerbrua dersom me tenker at det vert ei grensejustering for Oksenhalvøya.

Når det gjeld Kvinnherad, seier Eitrheim t han ikkje kjenner til noko som tilseier at kommunen vurderer å venda seg mot Hardangerrådet. – Dei er godt forankra i Sunnhordlandsregionen, men i reiselivssamanheng har dei vendt seg mot Hardangr gjennom å søka mdlemskap i Reisemål Hardanger Fjord.

Når det gjeld oppgåver som Hardangerrådet rådet syslar med, så vart det mellom anna starta eit prosjekt i 2005 for å få flest mogeleg produkter til å bruka merkevare Hardanger for å synleggjera tilhøyrigheiten til regionen.

– Me trur det er ei god salsvare, og etterkvart har me fått fleire og fleire ambassadørar for Hardanger som brukar dette. Særleg innafor fruktnæringa er det nye produsentar som kjøper lisens og brukar Hardangerlogoen på sine produkt. Me får god drahjelp av dette, med positiv omtale av regionen og det er ein vinn -vinn situasjon etter mi meining, der dei som nyttar logoen har gevinst av det samtidig som Hardangerregionen har gevinst.

Det som har vist godt igjen seinare tid, er lokalt produsert sider og saft, der Hardangerlogoen er å sjå på etikettane. – Det har hatt ein god verknad for å selgja Hardanger, seier Eitrheim.

Hardangerrådet og eit samarbeid Handalag i Norheimsund, om etablerarkurs.  Kursa startar i november og vert haldne i Norheimsund. Det dreier seg om ulike kurs, der den enkelte kan spissa seg mot dei behova ein har. – Men me køyrer og eit grunnkurs der gründarar som har ein ide, kan få hjelp til å vurdera kor vidt den er verdt å gå vidare med.

Ifylgje Eitrheim fins det fleire gode verksemder i dag, der gründaren har etablerarkurs bak seg. – Det er ein god ide å få testa ut forretningskonseptet sitt før ein prøver å realisera ideen. Kurset kan avklara ein del ting som kan gje eit betre resultat, eier Eitrheim

4. og 5. November er det grunnkurs. Les meir på hardangerrådet.

Legg inn en kommentar

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.

%d bloggere liker dette: