Meny Lukk

Eirik Ulltang ser mot 2018

Etter endt sesong vart ikkje verdsrangeringen til Eirik Ulltang spesielt bra, sidan han mista tre verdscupar i år. Han ser fram til 2018-sesongen, der planen er å sykla samtlege verdscupar,EM og VM, men fleire show enn i år, har han aldri hatt 

eirik ulltang
Han skriv i nyjendebrevet sitt at det siste booka sykkelshowet akkurat er gjennomført, og at han til slutt hamna på 40 sykkelshow.

Ulltang forklarer at eit show er rekna som ein opprigg, så det totale antall sykkelshow er mykje høgare.

– Samanliknar ein med 26 showoppriggingar i fjor, er det ein auke på over 50%. Eg har hatt show i heile Sør-Noreg, og på store arrangement som sykkel-VM og Tour des Fjords. Som i fjor, hadde eg show på 10 3v3-fotballturneringar, kvar med fleire tusen besøkande, noko eg kjem til å ha i 2018 òg.

VM vart i år arrangert i Chengdu, Kina. Ulltang fortel at det var mykje nytt, mellom anna er trial no ein del av Urban Games, saman med BMX park og sprint rundbane.

– Me hadde og eit nytt reglement, som liknar det me har brukt i Noreg i år: Ein får bonuspoeng for alle hinder ein klarar feilfritt, i motsetnad til kun fokus på straffepoeng som tidlegare. Det fungerte veldig bra, men er endå ikkje like godt som det me brukar i noregscupen.

Målsettinga hans var topp 12, noko han nesten klarte å oppnå. – Med ein stor feil i andre runde, der eg kræsja på første hinder, og ein like stor feil i tredje runde, der eg ikkje kom meg opp eit hinder eg hadde klart dei to første rundane, havna eg på 470 bonuspoeng, og ein 14.plass. Det er likevel mitt aller beste VM-resultat med god margin, så eg er nøgd, seier Eirik Ulltang.

Film frå Ulltang si deltaking i VM på Youtube.

Legg inn en kommentar

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.

%d bloggere liker dette: