Meny Lukk

Dokumentasjon av unik krafthistorie

Valen sjukehus var det første sjukehuset i Norden som fekk elektrisk straum. I 1910 vart både sjukehuset og eige kraftverk tekne i bruk. I Noreg var det berre slottet i Oslo, av offentlege bygningar, som var tidlegare ute.

valen sjukehus
Valen sjukehus, bilete: Roger Grimelid

Hordaland fylkeskommune fortel at 08.november vart eit dokumentasjonsprosjekt om Valen kraftverk lagt fram. Den inneheld oversyn over anlegga og forslag til restaurering. Kraftverket og sjukehuset vart bygt av Søndre Bergenhus Amt, som er Hordaland fylkeskommune i dag. I 2002 gjekk sjukehuset over til staten, men fylkeskommunen eig framleis kraftverket.

I prosjektet er lokal, regional og nasjonal historie dokumentert. Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum (NVIM) i Tyssedal har utført arbeidet etter oppdrag frå fylkeskommunen. Gjennom arkivarbeid, foto, film, registrering av gjenstandar, bygg og anlegg og andre kulturminne, samt intervju med personar som har jobba i kraftanlegget, er historia tatt vare på for ettertida.

Det unike med Valen kraftverk er at alle tre kraftstasjonane er inntakte. Den første vart teke i bruk i 1910, den andre i 1939. Den siste er frå 2008, og er den einaste som er i bruk i dag.

Onsdag 8. november vart smakebitar frå den unike historia presentert på Valen sjukehus av Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum ved direktør Knut Markhus, prosjektleiar Terje Kollbotn og prosjektmedarbeidar og nettansvarleg Dag Endre Opedal.

Legg inn en kommentar

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.

%d bloggere liker dette: