Meny Lukk

Debatt om skulenamn

Fylkestinget i Hordaland avgjorde tirsdag namna på seks vidaregåande skular som vert slegne saman til tre skular. Framlegget om å kalla den samanslegne vidaregåande skulen i Kvam for Hardanger vidaregåande, fekk ikkje fleirtal

norheimsund vgs
Norheimsund vgs, bilete: Hordaland fylke

Mellom dei som har reagert på framlegget om at namnet skulle verta Hardanger vgs, var ordførar Roald Aga Haug og resten av kommunestyret i Odda. Noko som kom fram i siste kommunestyremøte.
I Odda har ein Odda vgs, i Ulvik har ein Hjeltnes vgs og i lys av det meinte ein at Kvam vgs ville vera eit meir passande namn enn Hardanger vgs.

Hordalandfylke fortel på nettsidene sine at den samanslegne skulen Norheimsund vgs og Øystese vgs vert kalla Kvam vidaregåande skule med 44 mot 13 røyster. Mdg (3), Venstre (3) og Frp (7) røysta for at skulen skulle få namnet Hardanger. Den nye Kvam vidaregåande skule skal flytte inn i eit nybygg på ny tomt i Norheimsund i 2027.

Legg inn en kommentar

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.

%d bloggere liker dette: