– Dårlege vegar pregar kvardagen vår. Vi har eit etterslep på 7,3 milliardar kroner på vedlikehald av fylkesvegane i Hordaland. Dette er ein uhaldbar situasjon, sa fylkesordføraren då ho møtte transport-og kommunikasjonskomiteen på Stortinget torsdag

dårlige veger
Bilete: Ivar Nistad

Hordaland fylkeskommune fortel på nettsidene sine at på dagsorden stod utfordingar i kollektivtrafikken, nye miljøvenlege ferjer, vegar, rassikring, tunnelsikring og spesielt etterslepet på vedlikehald av fylkesvegane. Hestetun sa ho var skuffa over at det ikkje kom meir pengar til fylkesvegvedlikehald i statsbudsjettet for i år.

Kjempeskuffa

– Vi er mange som ønskjer gul stripe, utbetring av bruer og tunnelar, og rassikring. Og når det er stengt på E16 og alt stoppar opp, det pregar alle som reiser. Det er ingen tvil om at etterslepet på vegane pregar alle i Hordaland. Eg vart kjempeskuffa då eg såg at innspela frå etatane om meir til etterslepet av vedlikehald, var heilt ute av prioriteringane i Nasjonal Transportplan (NTP). Dette er ikkje ein farbar veg. Vi er nøydde å få til prioritering. Eg håpar Venstre i regjering kan vere med på å få dette til, seier fylkesordførar Anne Gine Hestetun.

Jon Gunnes (V) fra Trøndelag ser utfordringa med etterslepet.

– Vi politikarar ønskjer gjerne å bygga nye vegar, men eg ser at etterslepet blir større og større. Eg vil spørja om det er semje mellom politikarane og administrasjonen i Hordaland om å prioritera etterslepet? spurde han.

Klinkande klart

Fylkesordføraren gav eit klart svar.

– Det må vere klinkande klart at det er samsvar mellom administrasjonen og politikarane om at vi skal prioritere etterslepet. Det er heilt tydeleg. At vi skal satsa på vedlikehald og vedlikehaldsetterslep er omforent med alle. Mange bedrifter ligg langs vegen med begredeleg standard. Vi har full støtte over heile linja. Vedlikehaldsetterslepet er vi nøydde å prioritere. Det er ingen tvil om det, seier fylkesordføraren.

Sverre Myrli (A), Akershus, ser og problemet med manglande vedlikehald av fylkesvegane.

– Etterslepet er eit like stort problem i dei andre fylka i landet, men det er veldig stort i Hordaland. Det er skremmande at ein tunell som Folgefontunnellen, som berre er 15 år gammal, må oppgraderast for meir enn det kosta å bygge den, seier Myrli.

Klump i halsen

Arne Nævra (SV), Buskerud, ser og det store etterslepet

– Eg får klump i halsen. Det er eit enormt etterslep. Vi har lagt merke til desse tala, men det er lett å byggje nytt i staden for vedlikehald. Vi må reflektere over kva etterslepet vil koste og kva nyinvesteringar vil koste, og kva dette har å seie for folk, seier Nævra.

Dei 15 representantane i transport- og kommunikasjonskomiteen starta vitjinga i Hordaland 24. januar. Etter samtalar i Bergen gjekk turen vidare med tog til Voss om ettermiddagen 25. januar og vidare over Vikajellet til Sogn og Fjordane. Turen til Vestlandet blir avslutta fredag 26. januar.

Legg inn en kommentar

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.