Meny Lukk

Brettspel for ungdomsskuleelevar lettar utdanningsval

Eit nytt brettspel skal gjera ungdomskuleelevar betre til å velga utdanning og yrke. UTV- spelet er utvikla av Hordaland fylkeskommune, som vil at elevar tar gode val til vidaregåande. Og no haglar det inn bestillingar frå heile landet

brettspel

– UTV-spelet engasjerer elevane. Dei lærer mykje av å gjera noko saman, samtidig som dei har det kjekt. Det seier Kjell Helge Kleppestø, leiar for Senter for yrkesrettleiing i Hordaland fylkeskommune på fylkeskommunen sine nettsider.

Gjennom spelet vert elevane utfordra til å forklara ord dei vil møta når dei skal velga fag på videaregåande skule og seinare yrke.

– Ekstra utfordrande er det gjerne å forklara personlege eigenskaper, seier Kleppestø.

Fekk ideen i ei eksamensoppgåve

Hordaland fylkeskommune har i fleire år vore ein pådrivar for kompetanseutvikling i ungdomsskulefaget utdanningsval. Det var mangel på lærebøker og faget var heller ikkje ein del av utdanningsløpet for lærarane. Fylkeskommunen tok difor initiativ til ei vidareutdaning, saman med Høgskolen i Sørøst-Norge, for lærarar i faget. Fire av studentane fekk ideen i ei eksamensoppgåve. Kva om dei utvikla eit brettspel dei kunne bruka i undervisninga?

Dette fall i god jord i fylkeskommunen, som produsere det. UTV-spelet vart eit prosjekt leia av Kjell Helge Kleppestø ved Senter for yrkesrettleiing.

Litt som å spele Alias

UTV-spelet er eit brettspel som kan minne om Alias. Elevane trekk kort og må forklara ord som får dei til å reflektera over spørsmål som: Kva likar eg? Kva er riktig for meg? Kva for personlege eigenskapar har eg? Kva betyr alle uttrykk og fag i den vidaregåande skulen og kva for yrke kan vera riktig for meg? Dersom dei ikkje kan forklara orda, legg elavene korta til side og snakkar om det i klassen etterpå.

Ein av utviklarane, Kjellfrid Bøyum, er rådgjevar på Voss ungdomsskule. Ho har allereie brukt sin eigen «heimesnekra» versjon av spelet i undervisninga ei stund og veit at det fungerer. Men då det vart bestemt at UTV-spelet skulle verta eit tilbod til heile landet måtte ei meir profesjonell løysing koma på bordet. Fylkeskommunen engasjerte derfor sine eigne flinke vidaregåande elevar ved Voss husflidskule til å designa spelet.

– Kvifor skal lærarar skaffe seg UTV-spelet?

– Fordi dei får eit engasjerande undervisningsopplegg dei kan ta i bruk med ein gong, seier Kjellfrid Bøyum.

Ho legg til at spelet er fleksibelt ettersom ein kan bruka det på ulike måtar gjennom heile ungdomsskulen. Læraren kan for eksempel velga å fordjupa seg i berre ein av kategoriane i spelet.

Eit hav av bestillingar

I løpet av kort tid har fylkeskommunen fått mange bestillingar og over 500 spel har funne vegen ut til heile landet. Tilbakemeldingane er gode.

– Dei seier wow! Dette slo an med ein gong, utbryter Kleppestø stolt.

– Elevane synes det er kjekt og lærerikt. Samarbeid gir absolutt resultat. Dei får rett og slett lov til å snakka mykje saman om ord og utrykk dei treng i livet sitt, seier Bøyum.

Medvitne val kan auka gjennomføringa

Hordaland fylkeskommune har som mål at fleire elevar skal fullføra vidaregåande opplæring. Spelet skal bidra til at elevar på ungdomsskulen tek betre utdanningsval, som igjen kan gjera det lettare å fullføra alle dei tre åra på vidaregåande.

– Me trur dette kan bidra til at elevane tek medvitne og dermed gode val. Dette vil dei ha nytte av, ikkje berre når dei skal på videraregåande, men og til seinare utdanning eller jobb, seier Bøyum og Kleppestø.

Meir om brettspelet og video på nettsidene til fylkskommunen.

Legg inn en kommentar

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.

%d bloggere liker dette: