Semifinalistane til Årets unge bonde 2017 er klare. Fram til 19. oktober kl. 23:59 kan ein røysta fram den ein meiner fortener å verta kåra til Årets unge bonde. Lars Johan Flatebø frå Etne er ein av 15 semifinalistar
I tillegg driv han med framforing av oksar. Våren 2017 kjøpte han sin andre gard som han og skal bygga om, der skal han driva med ammekyr, sau og snart slaktegris. På Facebooksida til Årets unge bonde vert Lars omtalt som ein mann som innehar ei positiv innstilling og gjer begrensingar i kvardagen om til nye mogelegheiter. Han ser lyst på bondeyrket og er alltid på jakt etter gode idear og betre løysingar for ei rasjonell gardsdrift. Han er og styremedlem i Etne Bondelag som har eit stort fokus på unge bønder. Lars er en familiemann og saman med kona Dorte har han tre barn. Sjølv om gårdsarbeidet tar tid, har han alltid tid til borna og inkluderer dei i det daglege arbeidet med garden. På Facebooksida kan du lesa om alle semifinalistane og røysta om du vil det. Dei fem kandidatane med flest røyster kjem vidare til superfinalen der ein fagjury velgjer ein vinnear som vert kåra under Ung Bondesamlingen på Bedre Landbruk fredag 10. november. Juryen som skal kåra vinnaren av Årets unge bonde, vert leia av Landbruks- og matministeren og består også av Anita Krohn Traaseth, administrerande direktør for Innovasjon Norge. |