– Amedia og Egmont styrkar Nettavisen ved å reindyrka kvar sin del av verksemda. Amedia kjøper Nettavisen og NA24, medan Egmont kjøper magasinet Side2 og Side 3 samt bloggverksemda, heiter det i ei pressemelding frå Amedia mandag

framside nettavisen

hegnar.no fortel at dette går fram av ein intensjonsavtale Amedia og Egmonst har inngått. Endringane vert gjennomført ved årsskiftet.

Konsernsjef Are Stokstad i Amedia og adm. direktør Espen Asheim i Egmont Publishing seier at avtalen inneber ei vesentlig styrking av merkevarene.

– Avtalen tilrettelegg fo vidare vekst og utvikling. I staden for å eiga heile bedrifta saman, er me einige om å overta eigarskap til kvar vår del av mediehuset. Amedia og Egmont ynskjer å gje merkevarene aukt slagkraft både redaksjonelt og i annonsemarknaden seier dei to i meldinga.

Ansvarlig redaktør og dagleg leiar i Mediehuset Nettavisen, Gunnar Stavrum, seier løysinga som no er lagt fram, er offensiv og framtidsretta.

– For lesarane betyr endringane meir ressursar og eit betre produkt. Nettavisen skal ha samme profil som før, men både avisdelen og magasindelen vil verta vesentleg styrka ved å verta nærare knytt til eigarane sine miljø, seier Stavrum.

Legg inn en kommentar

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.

%d