Meny Lukk

Å leva med faren for flaum og skred

Noreg er eit langstrakt land med mykje ver og over 4000 vassdrag. Det gjer at me alltid har vore utsett for flaum og skred. Hendingar dei siste åra, viser at me må vera førebudde på meir ekstremver framover

flaum i Opo
Flaum i Opovassdraget, bilete: Tone Mannsåker

I ei felles melding frå Olje- og energidepartementet, Kommunal- og moderniseringsdepartementet og Klima- og miljødepartementet vert det opplyst at dei siste åra har regjeringa styrka flaum- og skredløyvingane. I 2017 vart det løyvd totalt 385 millionar kroner til dette over budsjettet til Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE). Sidan Solberg-regjeringa tiltrådte, er det løyvd totalt om lag 1,5 milliardar kroner til flaum- og skredførebygging.

Aukt flaum- og skredfare er ein konsekvens av klimaendringar og samfunnsutvikling. Derfor angår det mange aktørar – både planleggar, utbyggar og myndigheit.

Ansvaret for skred og flaum er sammensett, men det er likevel ein tydeleg arbeidsdeling gjennom lovverket og regjeringa sine styringsdokument.

  • Olje- og energidepartementet har – gjennom NVE – ansvaret for flaum og skred.
  • Kommunal- og moderniseringsdepartementet er overordna plan- og bygningsmyndigheit, og har i tillegg ein viktig samordningsfunksjon ovafor fylkesmannen.
  • Justis- og beredskapsdepartementet har det generelle ansvaret for samfunnssikkerheit og beredskap.
  • Klima- og miljødepartementet har det overordna ansvaret for klimatilpasning.

Det grunnleggande ansvaret for å beskytta seg sjølv og eigen eigedom, ligg på den enkelte. Ansvaret som vert tillagt den enkelte innbyggar må stå i forhold til dei føresetnader den enkelte kan forventast å ha. Kommanene har ansvar for at tryggleiken mot flaum og skred vert ivareteke ved ny utbygging og gjennom lokal beredskap. Det er viktig at kommunane er aktive, gjennomfører kartlegging av risiko og sårbarheit og tek ansvar for handteringa av flaum- og skredrisikoen på lokalt nivå.

For å tydeleggjera kommunane sitt ansvar for klimatilpasning, la Klima- og miljødepartementet i samråd med Kommunal- og moderniseringsdepartementet 3. oktober 2017 ut forslag til statlege planretningslinjer for klima- og energiplanlegging og klimatilpasning i kommunane, til offentleg høyring. Forslaget har høyringsfrist 1. desember 2017.

Retningslinjene skal bidra til at samfunnet vert betre rusta for å møta klimaendringane, og skal leggast til grunn ved statleg, regional og kommunal planlegging.

Miljødirektoratet driv mellom anna nettsida www.klimatilpasning.no, som skal bidra med kunnskapsheving, rettleiing og erfaringsdeling.

NVE samarbeider tett med kommunane og kartlegg flaum- og skredutsette område.

  • NVE lagar rettleiarar, hjelper til med standardisering av anbodsdokument og kursing av konsulenter for å gjera desse betre i stand til å kartlegga fareområde for kommunene
  • NVE sine regionkontor handsama nesten 10 000 arealplansaker i 2016, og hadde litt over 100 innsigingar på grunn av at naturfare ikke var vurdert godt nok. NVE ynskjer at kommunane i større grad skal ta ansvaret sitt etter Plan – og Bygningslova for at naturfare vert godt ivareteke, og har nettopp sendt ut eit brev til kommunane om dette.
  • NVE har gitt ut ei rekke rettleiarar for kommunane slik at dei skal kunna gjennomføra arealplanlegginga og byggesakshandsaminga

NVE gjennomfører prioriterte sikringstiltak. I 2016 vart det sluttført 87 sikringstiltak, der kommunen er ansvarleg, medan NVE planlegg, prosjekterer og gir råd/tilskot. Tiltaka er gjennomførte av lokale entreprenørar og i somme tilfelle, av NVE sin eigen anleggsseksjon.

Legg inn en kommentar

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.

%d bloggere liker dette: